YouVersion Logo
Search Icon

Høgsongen 8

8
Gjev du var min bror!
1Å, gjev du var min bror,
gjev du hadde soge brystet Œt mor mi!
Då skulle eg kyssa deg
når vi møttest der ute,
og ingen vanvørde meg for det.
2Så leidde eg deg ¬til huset åt mor mi,
inn i koven åt ho ¬som fødde meg.
Eg skjenkte deg kryddevin
og saft av granatepla mine. #3,4
3Hans venstre hand ¬er under mitt hovud,
med den høgre ¬femner han meg. #2,6
4Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer:
Kvi vekkjer de kjærleiken,
kvi eggjar de han ¬før sjølv han vil? #2,7+
Kjærleiken er sterk som døden
5Kven er ho som kjem opp ¬frå øydemarka,
stødd til sin ven?
Under apalen vekte eg deg,
der mor di hadde føderier,
der ho fødde deg. #3,6+
6Set meg til eit segl ¬på ditt hjarta,
eit segl på din arm!
For kjærleiken ¬er sterk som døden
og mektig som dødsriket ¬i si trå.
Han brenn som logande eld,
han logar mot himmelen. #8,6 eit segl Signetringen, som var viktig og verdifull, bar mannen gjerne i ei snor kring halsen, sjeldan på armen.#Ordt 3,3
7Vassflaumar ¬kan ikkje sløkkja kjærleiken,
elvar kan ikkje fløyma han bort.
Om einkvan ville gje
alt han åtte for kjærleik,
så vart han berre til narr. #Jes 43,2
Kva skal vi gjera med syster vår?
8«Vi har ei lita syster,
som enno ikkje har bryst.
Kva skal vi gjera ¬med syster vår
når friarane kjem?
# 8,8 Kva skal vi gjera Brørne var formyndarar for jenta når far hennar var avliden.
9Er ho ein mur, vil vi byggja
tindar av sølv på han.
Er ho ei dør, ¬vil vi stengja henne
med ein sederplanke.»
10Eg er ein mur,
og mine bryst er som tårn.
I augo hans har eg vorte
lik ei som finn fred.
Eg har min eigen vingard
11Salomo hadde ein vingard ¬i Ba’al-Hamon.
Den gav han til vaktmenn,
og kvar skulle gje han
tusen sekel sølv for frukta. #8,11 Salomo[3,7.]#8,11 Ba’al-Hamon ukjend stad. #Jes 7,23
12Eg har min eigen vingard.
Dei tusen sekel er dine, Salomo,
to hundre er til dei ¬som vaktar frukta. #8,12 min eigen vingard[1,6.]
Lat meg få høyra di røyst!
13«Du møy som held til i hagane,
venene lyder på deg.
Lat meg få høyra di røyst!»
14«Skunda deg, min ven,
fly som gasellen ¬og den unge hjort
over balsam-angande fjell!» #2,17

Currently Selected:

Høgsongen 8: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy