YouVersion Logo
Search Icon

Høgsongen 7

7
1Kor fagert du skrid fram ¬i dine skor,
du gjæve hovdingdotter!
Hoftene dine rundar seg ¬som ei sølje,
smidd av kunstnarhand.
2Fanget ditt ¬er som runde staupet,
gjev det aldri må vanta vin!
Magen er som ein kveitehaug
med liljer ikring.
3Barmen er som to rådyrkalvar,
tvillingar til ei hind. #4,5
4Halsen din ¬er som eit elfenbeinstårn,
augo som Hesjbons tjørner
ved Bat-Rabbim-porten.
Nasen liknar Libanon-tårnet
som skodar ut mot Damaskus. #4,4
5Hovudet ris som Karmel,
hårflaumen er som purpur.
Ein konge er fanga ¬i dine lokkar.
6Kor fager, kor yndefull du er,
du mi kjære, du min hugnad!
7Rakvaksen er du som palma,
som druer er din barm.
8Eg bed: ¬Lat meg stiga opp i palma,
i greinene vil eg ta tak.
Som druer på vintreet ¬vere din barm,
din ande som angen av eple,
9din munn som den finaste vin.
«Lat han kveikja munnen ¬på min ven,
lat han gli over lipper ¬og tenner!»
Kom, min ven!
10Eg høyrer venen min til,
og til meg står heile hans trå. #2,16+
11Kom, min ven! ¬Lat oss gå ut på markene!
Om natta vil vi sova ¬under hennabuskar. #2,10–14
12I otta går vi til vingardane
og ser om vintreet ¬har sett nye skot,
om blomeknuppane ¬har opna seg,
om granataplane blømer.
Der vil eg gje deg min kjærleik.
13Kjærleiksepla angar.
Over vår dør ¬heng dei gildaste frukter
av alle slag, nye og gamle.
Til deg, min ven, ¬har eg gøymt dei. #7:13Kjærleiksepla alruner. [1 Mos 30,14.]

Currently Selected:

Høgsongen 7: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy