Romarane 15
15
1Vi som er sterke, må bera veikskapen åt dei veike og ikkje berre tenkja på oss sjølve. #14,1; 1 Tess 5,14 2Kvar og ein av oss skal tenkja på nesten og gjera det som er til gagn for han, og som tener til oppbygging. #1 Kor 9,19ff; 10,24.33 3For Kristus tenkte ikkje på seg sjølv; han oppfylte det som står skrive:#Sal 69,10
Spottorda frå dei som spotta deg,
har falle på meg.
4Og alt som før er skrive, er skrive for at vi skal læra av det: Vi skal få von gjennom det tolmod og den trøyst som skriftene gjev. #4,23f; 5,2; 1 Kor 10,11; 2 Tim 3,16 5Måtte Gud sjølv, han som gjev tolmod og trøyst, gjera dykk samlyndte etter Kristi Jesu vilje. #12,16; 1 Kor 1,10; 2 Kor 13,11; Fil 2,2; 4,2 6Då kan de samhuga og med ei røyst prisa Gud, vår Herre Jesu Kristi Far. 7Difor skal de ta imot kvarandre, liksom Kristus tok imot oss, til Guds ære. 8Eg seier dykk at Kristus vart ein tenar for dei omskorne for å visa at det Gud har sagt, er sant, og for å stadfesta dei lovnader som fedrane fekk. #Apg 3,25f+ 9Men dei andre folka skal prisa Gud for hans miskunn, som det står skrive:#Sal 18,50
Difor vil eg lova deg mellom folka
og prisa ditt namn.
10Og ein annan stad heiter det:#5 Mos 32,43
Gled dykk, de folkeslag, saman med hans folk!
11Og endå ein annan stad:#Sal 117,1
Lovsyng Herren, alle folk,
pris han, alle ætter!
12Og Jesaja seier:#Jes 11,10
Koma skal Isais rotrenning,
han som reiser seg og rår over folka,
til han skal folkeslaga setja si von.
13Men Gud, som gjev von, han fylle dykk med all glede og fred i trua, så de kan vera rike på von ved Den Heilage Andens kraft.
Tenesta til Paulus og planane hans
14Eg har den tru om dykk, mine brør, at de er fylte av godleik, og at de har kunnskap nok, så de jamvel kan rettleia kvarandre. 15Likevel har eg her og der skrive heller djervt for å minna dykk om det som de før har høyrt. Eg gjer det i kraft av den nåde Gud har gjeve meg: #12,3 16at eg skal vera Kristi Jesu prest mellom folkeslaga. Mi heilage teneste er å forkynna evangeliet, så folkeslaga kan verta eit offer til hugnad for Gud, helga ved Den Heilage Ande. #1,9; 11,13; Fil 2,17 17I Kristus Jesus kan eg prisa meg lukkeleg fordi eg har denne tenesta for Gud. #1 Kor 1,31 18Men eg vågar ikkje å tala om anna enn det Kristus har gjort ved meg for å føra folkeslaga til lydnad. Dette har eg fått gjera med ord og i gjerning, #1,5; 2 Kor 3,5 19ved mektige teikn og under og ved Andens kraft. Så har eg då fullført forkynninga av Kristi evangelium, frå Jerusalem og rundt ikring heilt til Illyria. #15,19 Illyria område aust for Adriahavet, grenseprovins til Makedonia. #Apg 15,12; 2 Kor 12,12 20Eg har alltid sett mi ære i å forkynna evangeliet der Kristi namn ikkje er kjent, så eg ikkje skal byggja på ein grunnvoll som andre har lagt, #2 Kor 10,15f 21men som skrive står:#Jes 52,15
Dei som ikkje har fått bodskapen om han, skal sjå,
og dei som ikkje har høyrt, skal skjøna.
22Det er dette som gong på gong har hindra meg i å koma til dykk. #Apg 19,21; Rom 1,10ff 23Men no er det ikkje meir å gjera for meg i desse landa, og i fleire år har eg lengta etter å koma til dykk 24og så halda fram til Spania. Eg vonar at eg skal få sjå dykk når eg fer framom, og at de hjelper meg med det eg treng til ferda dit, når eg fyrst har fått gledt meg ei stund i samværet med dykk.
25Men no dreg eg til Jerusalem med hjelpa til dei heilage der. #15,25 dei heilage den fyrste kyrkjelyden i Jerusalem. #Apg 24,17; 1 Kor 16,1; 2 Kor 8–9; Gal 2,10 26Kyrkjelydane i Makedonia og Akaia har sett seg føre å samla inn ei gåve til dei fattige mellom dei heilage i Jerusalem. 27Det vil dei gjerne gjera, og står då òg i skuld til dei. Dei skyldar å hjelpa dei med timelege gåver når dei sjølve, som heidningar, har fått del i deira åndelege gåver. #9,4; 11,17; 1 Kor 9,11; Gal 6,6 28Når eg har fullført dette, og fruktene av innsamlinga godt og vel er i deira hender, vil eg fara til Spania, og då legg eg vegen om dykk. 29Og eg veit at når eg kjem til dykk, skal eg koma med ein rikdom av Kristi velsigning.#1,11
30Eg legg dykk på hjarta, brør, for vår Herre Jesu Kristi skuld og for den kjærleik som Anden gjev: Strid saman med meg i bøn til Gud for meg. #2 Kor 1,11; Fil 1,19.27; Kol 4,3.12; 2 Tess 3,1 31Bed om at eg må verta berga frå dei vantruande i Judea, og at dei heilage i Jerusalem må ta vel imot den hjelpa eg har med. #15,31 dei vantruande i Judea jødane. 32Då kan eg, om Gud så vil, koma til dykk med glede, og få kvila ut saman med dykk. 33Fredens Gud vere med dykk alle! Amen.#16,20
Currently Selected:
Romarane 15: Bibel1978
Highlight
Copy
Compare
Share
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2