YouVersion Logo
Search Icon

Romarane 16

16
Helsingar
1Eg vil leggja inn eit godt ord hjå dykk for Føbe, syster vår; ho gjer teneste i kyrkjelyden i Kenkreæ. 2Ta imot henne i Herren, som det sømer seg for kristne. Gjev henne den hjelp ho treng å få av dykk. Sjølv har ho vore til hjelp for mange, for meg òg. 3Helsa Priska og Akvilas, medarbeidarane mine i Kristi Jesu teneste. #Apg 18,2f; 1 Kor 16,19; 2 Tim 4,19 4Dei våga livet for å berga meg. Det har ikkje berre eg, men alle dei heidningkristne kyrkjelydane grunn til å takka dei for. 5Helsa òg kyrkjelyden som samlast heime hjå dei. Helsa min kjære Epainetos; han var den fyrste som vart vunnen for Kristus i Asia. #16,5 Asia [Apg 16,6.] #1 Kor 16,19; Kol 4,15; Filem 2 6Helsa Maria, som har arbeidt så mykje for dykk. 7Helsa Andronikus og Junias, landsmennene mine, som har sete i fengsel saman med meg. Dei har eit godt namn mellom apostlane, og dei vart kristne før meg. 8Helsa Ampliatus, min kjære kristne ven. 9Helsa Urbanus, medarbeidaren vår i Kristi teneste, og min kjære Stakys. 10Helsa Apelles, han som har stått si prøve som kristen. Helsa Aristobolus og huslyden hans. 11Helsa Herodion, landsmannen min. Helsa dei kristne i huslyden hjå Narkissos. 12Helsa Tryfena og Tryfosa som arbeider for Herren. Helsa den kjære Persis, som har arbeidt så mykje for Herren. 13Helsa Rufus, Herrens utvalde, og mor hans; ho har vore ei mor for meg òg. #Mark 15,21 14Helsa Asynkritos, Flegon, Hermes, Patrobas, Hermas og brørne som er saman med dei. 15Helsa Filologus og Julia, Nerevs og syster hans og like eins Olympas, og alle dei heilage som er saman med dei. 16Helsa kvarandre med ein heilag kyss. Alle Kristi kyrkjelydar helsar dykk.#16,16 ein heilag kyss uttrykk for kristen samkjensle, truleg innleiinga til nattverden. #1 Kor 16,20; 2 Kor 13,12; 1 Tess 5,26; 1 Pet 5,14
17Eg legg dykk på hjarta, brør: Hald auga med dei som går imot den læra de har motteke, og med det skaper usemje og fører andre til fall. Hald dykk frå dei. #Matt 7,15; 2 Tess 3,6.14; Tit 3,10; 2 Joh 7–10 18Slike menneske tener ikkje vår Herre Jesus Kristus, men sin eigen buk. Med fine ord og lokkande tale fører dei godtruande menneske på avveg. #Fil 3,19; Kol 2,4 19Men alle har høyrt om den lydnad de syner, og difor gleder eg meg over dykk. Eg vil at de skal vera kloke i det som godt er, og uskyldige i det som vondt er. #1,8; Matt 10,16; 1 Kor 14,20 20Gjev fredens Gud snart må knusa Satan under føtene dykkar! Vår Herre Jesu nåde vere med dykk!#1 Mos 3,15
21Timoteus, medarbeidaren min, og Lukius, Jason og Sosipater, landsmennene mine, helsar dykk. #1 Tim 1,2+ 22Eg, Tertius, som har skrive ned brevet, helsar dykk i Herren. 23Gaius, som er vert for meg og heile kyrkjelyden, helsar dykk. Erastus, rekneskapsføraren i byen, helsar dykk, like eins Kvartus, bror vår.#1 Kor 1,14
24Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle! Amen.#16,24 Verset vantar i dei eldste handskriftene.
25Lova vere Gud, han som har makt til å styrkja dykk med mitt evangelium, bodskapen om Jesus Kristus, etter openberringa av den løyndomen som har vore duld frå evige tider, #Matt 13,11+ 26men som no er komen for dagen. Gjennom profetiske skrifter og etter påbod frå den evige Gud er han no kunngjord for alle folkeslag for å føra dei til lydnad og tru. #2 Tim 1,10; Rom 1,5 27Han, den einaste vise Gud, skal ha ære ved Jesus Kristus i all æve! Amen.#Gal 1,5; Ef 3,21; 1 Tim 1,17; 2 Tim 4,18; Jud 25

Currently Selected:

Romarane 16: Bibel1978

Highlight

Copy

Compare

Share

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in