Salmane 148
148
Lovsyng Herren, himmel og jord!
1Halleluja!
Lovsyng Herren frå himmelen,
lovsyng han i det høge!
2Lov han, alle hans englar,
lov han, heile hans hær!
# 148,2 hans hær englar. Sml. 103,21. #29,1f+
3Lov han, sol og måne,
lov han, kvar lysande stjerne!
4Lov han, du høge himmel,
du vatn oppover himmelen!
# 148,4 du vatn himmelhavet. Sml. 1 Mos 1,6–8. #8,2+
5Dei skal lova Herrens namn,
for dei vart skapte då han baud. #33,9+
6Han lét dei få sin stad for alltid
og gav ei lov dei ikkje bryt. #Jer 31,35f; 33,25
7Lovsyng Herren frå jorda,
de store sjødyr og alle havdjup,
8eld og hagl, snø og skodd,
du storm som set hans ord i verk! #104,4
9De fjell og alle haugar,
frukttre og alle sedrar,
10de ville dyr og alle slag fe,
krypdyr og flygande fuglar! #150,6
11De kongar på jord og alle folk,
stormenn og styresmenn i verda,
12de unge menn og kvinner,
gamle folk og gutar!
13Dei skal lova Herrens namn,
for berre hans namn er opphøgt;
hans herlegdom er utbreidd
over himmel og jord. #8,2
14Stor kraft har han gjeve sitt folk.
Difor får han lovsong frå alle sine trugne,
frå Israel, det folket som får vera han nær.
Halleluja!
Currently Selected:
Salmane 148: Bibel1978
Highlight
Copy
Compare
Share
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2