YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 147

147
Pris Herren, Jerusalem!
1Halleluja!
Ja, det er godt å prisa vår Gud,
det sømer seg med fager lovsong. #92,2f+
2Herren byggjer Jerusalem
og samlar Israels spreidde folk. #102,17; Jes 56,8
3Han lækjer dei som har eit sundbrote hjarta,
og fetlar deira verkjande sår. #34,19+; Jes 61,1
4Han fastset talet på stjernene
og gjev dei alle namn. #Jes 40,26
5Stor er vår Herre og rik på kraft,
hans skjøn er utan grense. #145,3+; Rom 11,33
6Han held dei hjelpelause oppe,
og bøyer dei vonde til jorda. #113,7+; 145,14+
7Syng takkesong for Herren,
spel på lyra for vår Gud!
8Han breier skyer over himmelen,
syter for regn til jorda
og lèt graset gro på åsane. #104,13f+
9Herren gjev føde til dyra,
til ramnungar som ropar. #Job 39,3+
10Han bryr seg ikkje om hestens styrke
og har ikkje hugnad i snarføtt mann. #33,16f+
11Herren har hugnad i dei som ottast han
og ventar på hans miskunn.
12Lovpris Herren, Jerusalem,
syng lovsong, Sion, for din Gud!
13Han gjer dine portbommar sterke
og velsignar dine born.
14Han gjev lukke og fred i ditt land
og mettar deg med den beste kveiten. #81,17
15Han sender sitt ord til jorda,
ovsnøgt spring hans ord.
16Han lèt snøen falla som ull,
strøyer ut rimet som støv. #Job 37,10; 38,22
17Han kastar sitt hagl som smular;
kven kan stå seg for hans kulde?
18Han sender sitt ord og smeltar snøen,
lèt vinden blåsa så vatnet renn.
19Han forkynte sitt ord for Jakob,
sine føresegner og domar for Israel. #5 Mos 4,8
20Det har han ikkje gjort for andre folk,
dei kjenner ikkje hans domar.
Halleluja!

Currently Selected:

Salmane 147: Bibel1978

Highlight

Copy

Compare

Share

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in