Salmane 149
149
Lovsong i munn og sverd i hand
1Halleluja!
Syng ein ny song for Herren,
lovsyng han der dei trugne er samla.
2Gjev Israel må gleda seg over sin skapar,
Sions søner jubla for sin konge.
3Dei skal prisa hans namn med dans
og spela for han med pauke og lyre. #33,2+
4For Herren har hugnad i sitt folk,
han kronar dei hjelpelause med siger. #147,6.11
5Dei trugne skal jubla med ære
og ropa av fagnad på si lege. #30,5+
6Dei har lovsong til Gud i sin munn
og tvieggja sverd i si hand.
7Dei vil ta hemn over folkeslag
og tukta folkeætter,
8binda kongane deira med lekkjer
og stormennene med jernband.
9Dei skal halda dom over dei,
så som det står skrive,
til ære for alle hans trugne.
Halleluja!
Currently Selected:
Salmane 149: Bibel1978
Highlight
Copy
Compare
Share
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2