YouVersion Logo
Search Icon

Ordtaka 5

5
Hald deg unna annan manns kone!
1Son min, gjev akt på min visdom,
vend øyra til mitt skjøn! #4,20
2Så kan du ta vare på gode råd
og vakta på kunnskapen når du talar.
3Framand kvinne har honning på lippa,
sleipare enn olje er hennar tunge. #Sal 55,22; Ordt 2,16+
4Men til sist er ho beisk som malurt
og kvass som eit tvieggja sverd. #Fork 7,26
5Hennar fotsteg fører til døden,
til dødsriket går hennar fet. #2,18+
6Ho aktar ikkje på livsens stig,
ho vinglar vegvill, men merkar det ikkje.
7Så høyr på meg, mine born,
vik ikkje av frå dei ord eg talar!
8Hald deg unna annan manns kone,
kom ikkje nær hennar dør!
9Elles må du gje din ungdoms kraft til andre,
dine beste år til ein nådelaus herre. #5,9 ein nådelaus herre han som har fått ekteskapet sitt krenkt. Sml. 6,34.
10Framande får metta seg av det du eig,
det du vann med ditt strev, går til annan manns hus.
11Så må du stynja i di siste stund,
når kroppen og holdet tærest bort,
12og seia: «Korleis kunne eg hata tukt
og ikkje bry meg om refsing!
13Eg høyrde ikkje på dei som rettleidde meg,
og lydde ikkje på dei som lærte meg.
14Det hadde nær gått ille med meg
då folket var samla til ting.»
15Drikk or din eigen brunn,
rennande vatn or di eiga kjelde!
16Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata,
bekkene dine strøyma på torg og plassar!
17Du skal ha dei heilt for deg sjølv
og ikkje dela dei med andre.
18Då skal kjelda di vera velsigna.
Gled deg over din ungdoms kone,
19den elskelege hind, den yndefulle gasell!
Fryd deg støtt ved hennar barm,
lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!
20Son min!
Kvifor skal annan manns kone få gjera deg ør,
kvifor ta framand kvinne i famn? #2,16
21Herren ser kvar mannen går,
gjev akt på alle hans stigar. #Job 34,21
22Den gudlause vert fanga av sin eigen udåd,
syndene held han fast som snarer. #Sal 7,17
23Han må døy fordi han ikkje får tukt,
i sin store dårskap går han til grunne.

Currently Selected:

Ordtaka 5: Bibel1978

Highlight

Copy

Compare

Share

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in