Ordtaka 6
6
Når du borgar for nesten din
1Son min, har du borga for nesten din
og gjeve handslag til ein framand, #11,15; 17,18; 22,26
2har du bunde deg med ord,
er du fanga av det du har sagt,
3så gjer då dette og berga deg, son,
sidan nesten din har fått makt over deg:
Gå straks av stad og treng inn på mannen,
4unn deg ikkje blund på augo,
og lat ikkje augneloka kvila! #Sal 132,4
5Fri deg som ein gasell frå fangstmannen,
som ein fugl frå jegerens hand! #30,25
Gå til mauren og vert vis!
6Gå til mauren, du late,
sjå på hans strev og vert vis!
7Han har ingen hovding,
korkje tilsynsmann eller herre,
8men syter for mat om sommaren
og samlar inn føde om hausten. #10,5
9Kor lenge vil du liggja, du late,
når vil du vakna og stå opp?
10«Lat meg sova litt til, ein ørliten blund,
leggja hendene saman og kvila ei stund!» #20,13; 24,33f
11Då kjem fattigdom på deg som farande fant
og nauda som velvæpna mann.
Ein niding
12Ein niding og ugjerningsmann er den
som går ikring med lygn på tunga,
13som blunkar med augo, skrapar med foten
og gjer teikn med fingrane. #6,13 blunkar med augo teiknspråk. Sml. 10,10. #Sal 35,19; Ordt 10,10
14Han har planar om å øydeleggja
og har alltid vondt i tankar;
slik skaper han trette og strid.
15Difor kjem ulukka over han brått,
med eitt vert han knust og kan ikkje lækjast.
Sju ting som Herren styggjest ved
16Seks er dei ting som Herren hatar,
og sju er ein styggedom for han: #6,16 Seks er dei ting «talordspråk». Sml. 30,15–31.
17hovmodige augo og svikefull tunge,
hender som renner ut skuldlaust blod,
18eit hjarta som legg vonde planar,
føter som spring etter det som er vondt,
19falske vitne som fer med lygn
og skaper strid mellom brør. #19,5+
Bodet er ei lykt og læra eit ljos
20Son min, hald dei bod som far din gav deg,
og gløym ikkje det som mor di har lært deg! #1,8; 3,1
21Knyt dei alltid til hjarta ditt,
og bind dei fast om halsen din! #3,3+
22Når du går, skal dei leia deg,
når du ligg, skal dei verna deg,
og når du vaknar, skal dei tala til deg. #3,23f
23For bodet er ei lykt og læra eit ljos,
refsing og tukt er ein veg til livet. #Sal 119,105
24Dei skal verna deg mot vond kvinne,
mot den sleipe tunga åt framand kvinne. #2,16+
25Trå ikkje etter hennar venleik,
lat deg ikkje fanga av hennar strålande augo!
26Ei hore kan du få for ein brødleiv;
men ei gift kvinne
driv jakt på dyre menneskeliv.
27Kan nokon sanka glør i fanget
utan at kleda tek til å brenna?
28Eller kan nokon gå på glør
utan å svida føtene?
29Så går det den
som ligg med kona åt nesten sin.
Ingen som rører henne,
kjem ustraffa frå det.
30Vert ikkje tjuven vanvørd
når han stel for å stilla svolten?
31Vert han gripen, må han bøta sjudobbelt,
han må gje frå seg alt det han har i huset. #6,31 sjudobbelt Etter lova skal tjuven gje fire- eller femdobbelt vederlag (2 Mos 22,1; 2 Sam 12,6). Her er det nemnt ei endå større bot. #2 Mos 22,1ff
32Tankelaus er den som driv hor med ei kvinne,
den som gjer slikt, øydelegg seg sjølv.
33Skam og skade får han,
og ingen stryk ut hans vanære.
34For svartsykja brenn i ektemannen,
han er ikkje mild den dagen han tek hemn.
35Han bryr seg ikkje om løysepengar,
og tek ikkje imot om du byd han store gåver.
Currently Selected:
Ordtaka 6: Bibel1978
Highlight
Copy
Compare
Share
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2