YouVersion Logo
Search Icon

Ordtaka 3

3
Visdom og gudsfrykt
1Gløym ikkje det eg har lært deg, son min,
ta vare på mine bod i ditt hjarta! #5 Mos 4,40; 30,16; Sal 119,11
2For dei gjev deg mange dagar og år
og gjer di lukke større.
3Lat aldri godleik og truskap fara,
men bind dei om din hals,
og skriv dei på di hjartetavle! #3,3 bind dei om din hals som ein verdfull prydnad. #5 Mos 6,6–9; Ordt 6,21; 7,3
4Då får Gud og menneske godvilje for deg
og held deg for ein vitug mann.
5Lit på Herren av heile ditt hjarta,
og set ikkje lit til ditt vit! #Sal 37,5; Ordt 28,26
6Tenk på han kvar du ferdast,
så gjer han dine stigar jamne.
7Ver ikkje klok i eigne augo,
ha age for Herren,
og hald deg frå det som er vondt! #Jes 5,21; Rom 12,16
8Det vert til helsebot for kroppen
og gjev deg kraft i merg og bein.
9Æra Herren med det du eig,
med fyrstegrøda av all di avling. #2 Mos 23,19
10Då vert di matbu rikeleg fylt,
og druesafta renn over i kummane dine. #5 Mos 28,8
11Son min, vanvørd ikkje Herrens tukt,
miss ikkje motet når han refser! #Job 5,17; Hebr 12,5
12For Herren tuktar den han elskar,
som ein far refser den son han har kjær. #5 Mos 8,5; Ordt 13,24; 19,18; Op 3,19
Sæl er den som finn visdom
13Sæl er den som finn visdom,
det menneske som vinn godt skjøn.
14Det er betre å få seg visdom enn sølv,
den vinning han gjev, er større enn gull. #Job 28,15ff; Ordt 8,10.19
15Dyrare er han enn perler,
av alle dine skattar er ingen som den. #Job 28,18; Ordt 8,11
16I si høgre hand har han langt liv,
i si venstre rikdom og ære.
17På visdoms vegar er det ein hugnad å fara,
alle hans stigar fører til fred.
18Han er eit livsens tre for alle som grip han,
sæle er dei som held fast på han.
# 3,18 eit livsens tre Visdomen kan gje eit langt og lukkeleg liv. Sml. livsens tre i hagen i Eden (1 Mos 2,9; 3,22).
19Herren grunnla jorda med visdom
og reiste himmelen med skjøn. #Sal 33,6ff; Ordt 8,22ff
20Med kunnskap lét han vatnet i havdjupet fossa fram
og dogga drypa frå skyene.
21Ta vare på klokskap og omtanke,
og slepp dei ikkje or syne, son!
22Då skal dei vera til liv for deg,
ei fager kjede om halsen din.
23Då kan du vandra trygt på din veg
og ikkje støyta foten mot noko. #Sal 91,12; Ordt 4,12
24Du er ikkje redd når du går til ro,
når du har lagt deg, søv du så godt. #Sal 3,6; 4,9
25Du treng ikkje reddast for støkk,
for stormen som kjem over dei vonde. #Sal 91,5
26For du kan setja di lit til Herren,
han vaktar din fot så du ikkje går i snara.
Gjer vel mot din neste!
27Gjer vel mot dei som treng det,
nekta ikkje å hjelpa når det står i di makt!
28Sei ikkje til din neste: «Gå din veg,
og kom att i morgon, så skal du få!»
– så sant du har noko å gje han no. #3 Mos 19,18
29Legg ikkje vonde planar mot din neste
som bur hjå deg og kjenner seg trygg.
30Tretta ikkje med ein mann utan grunn,
når han ikkje har gjort deg noko vondt.
31Misunn ikkje den som brukar vald,
vel ikkje å fylgja i hans fotefar! #23,17; 24,1
32Den som fer vilt, er ein styggedom for Herren,
men med dei ærlege har han samfunn. #Sal 25,14
33Herren forbannar huset åt dei gudlause,
men heimen åt dei rettferdige velsignar han.
34Spottarar svarar han med spott,
men dei audmjuke gjev han nåde. #Jak 4,6; 1 Pet 5,5
35Vise menn vinn ære,
men dårar får stor skam.

Currently Selected:

Ordtaka 3: Bibel1978

Highlight

Copy

Compare

Share

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in