1
Ordtaka 3:5-6
Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet
Bibel1978
Lit på Herren av heile ditt hjarta, og set ikkje lit til ditt vit! Tenk på han kvar du ferdast, så gjer han dine stigar jamne.
Compare
Explore Ordtaka 3:5-6
2
Ordtaka 3:7
Ver ikkje klok i eigne augo, ha age for Herren, og hald deg frå det som er vondt!
Explore Ordtaka 3:7
3
Ordtaka 3:9-10
Æra Herren med det du eig, med fyrstegrøda av all di avling. Då vert di matbu rikeleg fylt, og druesafta renn over i kummane dine.
Explore Ordtaka 3:9-10
4
Ordtaka 3:3
Lat aldri godleik og truskap fara, men bind dei om din hals, og skriv dei på di hjartetavle!
Explore Ordtaka 3:3
5
Ordtaka 3:11-12
Son min, vanvørd ikkje Herrens tukt, miss ikkje motet når han refser! For Herren tuktar den han elskar, som ein far refser den son han har kjær.
Explore Ordtaka 3:11-12
6
Ordtaka 3:1-2
Gløym ikkje det eg har lært deg, son min, ta vare på mine bod i ditt hjarta! For dei gjev deg mange dagar og år og gjer di lukke større.
Explore Ordtaka 3:1-2
7
Ordtaka 3:13-15
Sæl er den som finn visdom, det menneske som vinn godt skjøn. Det er betre å få seg visdom enn sølv, den vinning han gjev, er større enn gull. Dyrare er han enn perler, av alle dine skattar er ingen som den.
Explore Ordtaka 3:13-15
8
Ordtaka 3:27
Gjer vel mot dei som treng det, nekta ikkje å hjelpa når det står i di makt!
Explore Ordtaka 3:27
9
Ordtaka 3:19
Herren grunnla jorda med visdom og reiste himmelen med skjøn.
Explore Ordtaka 3:19