YouVersion Logo
Search Icon

4. Mosebok 35

35
Levittane får byar og beitemarker
1Herren tala til Moses på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko, og sa: 2Sei til israelittane at dei av den eigedomen dei har fått, skal gje levittane byar å bu i. Og dei skal la dei få beitemarker kring desse byane. 3Byane skal dei ha til å bu i, og markene som høyrer til, skal vera til beite for buskapen deira, for alle dyra dei eig. 4Dei markene de gjev levittane utanfor byane, skal nå tusen alner ut frå bymuren på alle kantar. 5Utanfor byen skal de mæla opp to tusen alner på austsida, to tusen alner på sørsida, to tusen alner på vestsida og to tusen alner på nordsida, så byen ligg midt imellom. Det skal vera bymarkene deira.
6Dei byane som de lèt levittane få, skal vera dei seks fristadene de set av så drapsmenn kan røma dit, og dessutan skal de gje dei førtito andre byar. #35,6 fristadene Sjå v. 9ff og Jos 20–21. #2 Mos 21,13; 5 Mos 4,41ff; 19,2ff; Jos 20,2ff 7I alt skal de gje levittane førtiåtte byar med beitemarker. 8Og når de lèt dei få desse byane av odelsjorda åt israelittane, då skal de ta fleire frå dei store ættene og færre frå dei små. Kvar ætt skal gje levittane byar etter som dei har fått land til.#Jos 21,3–42
Lov om drapsmenn og fristader
9Herren sa til Moses: 10Tal til israelittane og sei til dei: Når de går over Jordan og kjem inn i Kanaan, #5 Mos 19,1–13 11skal de velja ut nokre byar som skal vera fristader. Dit kan ein drapsmann røma når han har slege einkvan i hel av vanvare. 12Desse byane skal vera fristader for den som rømer for blodhemnaren, så drapsmannen ikkje skal døy før han har stått til rettes og fått sin dom av folket. 13Seks av dei byane som de gjev levittane, skal vera slike fristader. 14Tre av dei skal de ta på austsida av Jordan og tre i Kanaan. 15Både for israelittar og for innflyttarar og framande som bur mellom dykk, skal desse seks byane vera fristader, så den som av vanvare har drepe nokon, kan røma dit.
16Den som slår nokon i hel med ein jernreiskap, han er ein drapsmann, og drapsmannen skal døy. #2 Mos 21,12; 3 Mos 24,17 17Tek nokon ein stein som er stor nok til å drepa med, og slår ein mann i hel, då er han ein drapsmann, og drapsmannen skal døy. 18Eller tek han ein reiskap av tre som ein kan drepa med, og slår ein mann i hel, då er han ein drapsmann, og drapsmannen skal døy.
19Blodhemnaren kan slå drapsmannen i hel. Så snart han finn han, skal han drepa han. 20Dersom nokon støyter til ein mann i uvenskap eller kastar eitkvart på han med vilje så han døyr, 21eller i fiendskap slår han med neven så han døyr, då skal den som slo, bøta med livet. Han er ein drapsmann, og blodhemnaren kan slå han i hel så snart han finn han.
22Men så kan det henda at nokon brått støyter til ein mann utan fiendskap eller kastar eitkvart på han mot sin vilje. 23Eller kanskje han ikkje ser den andre og råkar han med ein stein som er stor nok til å drepa med, så han døyr, endå mannen ikkje var hans fiende og ikkje ville han noko vondt. 24Då skal folket døma mellom drapsmannen og blodhemnaren etter desse lovene. 25Folket skal berga drapsmannen frå blodhemnaren og la han fara attende til den fristaden han hadde rømt til. Og der skal han vera til øvstepresten er død, han som er salva med heilag olje. 26Men kjem drapsmannen utom den fristaden han har rømt til, 27og blodhemnaren råkar han der utanfor fristaden og slår han i hel, då har han inga blodskuld. 28For drapsmannen skal halda seg i fristaden sin til øvstepresten er død. Då fyrst kan han fara heim att til den jorda han eig. 29Dette skal gjelda for lov og rett hjå dykk frå ætt til ætt, kvar de så bur.
30Når nokon slår i hel eit menneske, skal han døy så sant det er vitne mot han. Men etter éin manns vitnemål skal ingen dømast frå livet. #5 Mos 17,6; 19,15; 2 Kor 13,1; Hebr 10,28 31De må ikkje ta imot løysepengar for å berga livet åt ein drapsmann som er skuldig til døden; han skal bøta med livet. 32De må heller ikkje ta imot løysepengar for ein som har rømt til ein fristad, så han kan fara heim att før øvstepresten er død.
33De skal ikkje vanhelga det landet de bur i. For blod vanhelgar landet, og landet får ikkje soning for det blodet som har runne der utan at gjerningsmannen døyr. #1 Mos 9,6 34De skal ikkje gjera det landet de bur i, ureint; for det landet bur eg i. Eg er Herren, som bur midt imellom israelittane.#2 Mos 29,45; 3 Mos 26,11

Currently Selected:

4. Mosebok 35: Bibel1978

Highlight

Copy

Compare

Share

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in