4. Mosebok 34
34
Israels grenser
1Herren sa til Moses: 2Tal til israelittane og sei til dei: Når de kjem inn i Kanaan, det landet de får til odel og eige, skal det ha desse grensene:#2 Mos 23,31; 5 Mos 11,24; Jos 1,4
3Grensa i sør skal gå frå Sin-øydemarka langsmed Edom. I aust skal sørgrensa gå ut frå enden av Saltsjøen. #34,3 Saltsjøen Daudehavet. Sml. 1 Mos 14,3. #Jos 15,1ff 4Ho skal svinga sørom Akrabbim-skaret og halda fram til Sin. Så skal ho gå sør for Kadesj-Barnea til Hasar-Addar og derifrå til Asmon. #34,4 Akrabbim-skaret i Negev, sørvest for Daudehavet. 5Frå Asmon skal grensa svinga ned til Egyptarbekken og ut til havet i vest.#34,5 Egyptarbekken sørvest for Filistarlandet, grense-elv mellom Israel og Egypt.
6I vest skal de ha Storhavet til grense; det skal vera grensa dykkar mot vest.
7I nord skal dette vera grensa dykkar: Frå Storhavet skal de dra opp ei line til Hor-fjellet #34,7 Hor-fjellet nær Kanaans grense i nord. Eit anna fjell med same namnet låg langt i sør, ved Edoms grense, 20,22ff; 33,37ff. 8og frå Hor-fjellet til Lebo-Hamat; der skal grensa nå ut til Sedad. #13,21 9Så skal ho halda fram til Sifron og enda ved Hasar-Enan. Det skal vera grensa dykkar mot nord.
10I aust skal de dra opp ei line frå Hasar-Enan til Sjefam. 11Frå Sjefam skal grensa gå ned til Ribla, austanfor Ajin, og så nedover til ho når fjellryggen på austsida av Gennesaret-sjøen. 12Så skal ho fylgja Jordan og enda nedmed Saltsjøen. Det skal vera landet dykkar, og desse grensene skal det ha.
13Moses tala til israelittane og sa: Dette er det landet de skal få til odel og eige og dela ved loddkasting, det landet som Herren har sagt at dei ni ættene og den eine halve ætta skal få. 14For Rubens-ætta, Gads-ætta og halvparten av Manasse-ætta har alt fått odelsjord til ættgreinene sine. #32,33 15Desse to og ei halv ættene har fått sin eigedom på austsida av Jordan, mot solrenninga, midt for Jeriko.
Dei som skal skifta ut landet
16Herren sa til Moses: 17Dette er namna på dei mennene som skal skifta ut landet mellom dykk: presten Elasar, Josva Nunsson 18og så ein hovding for kvar ætt, som de skal velja til utskiftingsmenn. 19Her er namna på desse mennene: for Juda-ætta Kaleb, son til Jefunne; 20for Simeons-ætta Samuel, son til Ammihud; 21for Benjamins-ætta Elidad, son til Kislon; 22for Dans-ætta ein hovding, Bukki, son til Jogli; 23for Josefs-sønene ein hovding av Manasse-ætta, Hanniel, son til Efod, 24og ein hovding av Efraims-ætta, Kemuel, son til Sjiftan; 25for Sebulons-ætta ein hovding, Elisafan, son til Parnak; 26for Jissakars-ætta ein hovding, Paltiel, son til Assan; 27for Asjers-ætta ein hovding, Akihud, son til Sjelomi, 28og for Naftali-ætta ein hovding, Peda'el, son til Ammihud. 29Det var dei mennene Herren sette til å skifta ut Kanaan-landet mellom israelittane.
Currently Selected:
4. Mosebok 34: Bibel1978
Highlight
Copy
Compare
Share
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2