4. Mosebok 36
36
Lov om arv og ekteskap for døtrer
1Leiarane for dei huslydane som var ætta frå Gilead, son til Makir, Manasses son, og som høyrde Josefs-ættene til, steig fram for Moses og leiarane, ættehovdingane i Israel #26,29 2og sa: Herren har sagt at du, herre, skal skifta landet mellom israelittane ved loddkasting. Og han har sagt, herre, at du skal la døtrene til Selofhad, frenden vår, få eigedomen etter far sin. #26,55.56; 27,6.7; Jos 17,3ff 3Men gifter dei seg med menn frå dei andre Israels-ættene, går arven deira over frå eigedomen åt fedrane til den ætta dei no skal tilhøyra. Såleis minkar den eigedomen vi har fått. 4Når ettergjevingsåret kjem hjå israelittane, vert arven åt døtrene lagd til eigedomen i den ætta dei tilhøyrer. Han vert teken frå den odelsjorda som vår fedreætt fekk.#36,4 ettergjevingsåret [3 Mos 25,10.] #3 Mos 25,10ff
5Då tala Moses til israelittane så som Herren hadde sagt han føre: Det er rett det som leiarane i Josefs-ætta seier. 6Dette er det påbodet Herren gjev døtrene til Selofhad: Dei kan gifta seg med kven dei vil, berre dei gifter seg innan si eiga fedreætt. 7Så skal ingen eigedom i Israel gå over frå ei ætt til ei anna; men kvar israelitt skal halda fast på arven innan si fedreætt. 8Kvar dotter som arvar jord i ei av Israels-ættene, må gifta seg med ein mann frå hennar eiga fedreætt, så kvar israelitt kan arva odelsjord etter fedrane sine. 9Såleis skal ingen eigedom gå over frå ei ætt til ei anna; men alle Israels-ættene kan halda fast, kvar på sin arv.
10Døtrene til Selofhad gjorde som Herren hadde sagt til Moses. 11Makla, Tirsa, Hogla, Milka og Noa, alle døtrene til Selofhad, gifte seg med sønene til farbrørne sine. 12Dei fekk menn som var ætta frå Manasse, son til Josef, så eigedomen deira kom til å fylgja den ætta dei tilhøyrde.
13Dette er dei bod og lover som Herren gav israelittane gjennom Moses på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko.
Currently Selected:
4. Mosebok 36: Bibel1978
Highlight
Copy
Compare
Share
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2