YouVersion Logo
Search Icon

4. Mosebok 33

33
Israels dagsmarsjar i øydemarka
1Desse dagsmarsjane gjorde israelittane då Moses og Aron førte dei ut or Egypt, flokk for flokk. 2Etter påbod frå Herren skreiv Moses opp dei stadene dei tok ut frå på ferdene sine. Og dette er dagsmarsjane, rekna frå dei stadene dei tok ut frå:
3Den femtande dagen i den fyrste månaden tok dei ut frå Ramses. Det var dagen etter påskehøgtida israelittane fór av stad, med fast vilje, midt for augo på alle egyptarane. #2 Mos 12,37; 14,8 4Egyptarane heldt då på og gravla alle sine fyrstefødde, som Herren hadde slege i hel hjå dei. Herren hadde òg halde dom over gudane deira.#2 Mos 12,12
5Då israelittane hadde fare frå Ramses, slo dei fyrst leir i Sukkot. #2 Mos 12,37 6Frå Sukkot tok dei ut og slo leir i Etam, som ligg i utkanten av øydemarka. #2 Mos 13,20 7Då dei fór frå Etam, tok dei ei anna lei mot Pi-Hakirot, som ligg midt imot Ba'al-Safon, og dei slo leir framfor Migdol. #2 Mos 14,2 8Så tok dei ut frå Pi-Hakirot og gjekk gjennom sjøen til øydemarka. Og då dei hadde fare tre dagar gjennom Etam-øydemarka, slo dei leir i Mara. #2 Mos 14,22.29; 15,23 9Så tok dei ut frå Mara og kom til Elim. I Elim var det tolv vasskjelder og sytti palmetre, og dei slo leir der. #2 Mos 15,27 10Frå Elim tok dei ut og slo leir ved Sevsjøen.
11Frå Sevsjøen tok dei ut og slo leir i Sin-øydemarka. #2 Mos 16,1 12Frå Sin-øydemarka tok dei ut og slo leir i Dofka. 13Frå Dofka tok dei ut og slo leir i Alusj. 14Frå Alusj tok dei ut og slo leir i Refidim. Men der fanst det ikkje vatn så folket kunne få drikka. #2 Mos 17,1 15Frå Refidim tok dei ut og slo leir i Sinai-øydemarka.#2 Mos 19,1
16Frå Sinai-øydemarka tok dei ut og slo leir i Kibrot-Hatta'ava. #11,34f 17Frå Kibrot-Hatta'ava tok dei ut og slo leir i Haserot. 18Frå Haserot tok dei ut og slo leir i Ritma. #12,16 19Frå Ritma tok dei ut og slo leir i Rimmon-Peres. 20Frå Rimmon-Peres tok dei ut og slo leir i Libna. 21Frå Libna tok dei ut og slo leir i Rissa. 22Frå Rissa tok dei ut og slo leir i Kehelata. 23Frå Kehelata tok dei ut og slo leir ved Sjefer-fjellet. 24Frå Sjefer-fjellet tok dei ut og slo leir i Harada. 25Frå Harada tok dei ut og slo leir i Makhelot. 26Frå Makhelot tok dei ut og slo leir i Takat. 27Frå Takat tok dei ut og slo leir i Terah. 28Frå Terah tok dei ut og slo leir i Mitka. 29Frå Mitka tok dei ut og slo leir i Hasmona. 30Frå Hasmona tok dei ut og slo leir i Moserot. 31Frå Moserot tok dei ut og slo leir i Bene-Ja'akan. #5 Mos 10,6f 32Frå Bene-Ja'akan tok dei ut og slo leir i Hor-Hagidgad. 33Frå Hor-Hagidgad tok dei ut og slo leir i Jotbata. 34Frå Jotbata tok dei ut og slo leir i Abrona. 35Frå Abrona tok dei ut og slo leir i Esjon-Geber. 36Frå Esjon-Geber tok dei ut og slo leir i Sin-øydemarka, i Kadesj. #20,1 37Frå Kadesj tok dei ut og slo leir ved Hor-fjellet, på grensa til Edom.#20,22
38Då gjekk Aron, presten, opp på Hor-fjellet, som Herren hadde sagt han føre. Og der døydde han i det førtiande året etter at israelittane hadde fare frå Egypt, den fyrste dagen i den femte månaden. #20,25ff; 5 Mos 10,6; 32,50 39Aron var 123 år gamal då han døydde på Hor-fjellet.
40Då kanaanearkongen i Arad, som budde i Negev, fekk høyra at israelittane kom, #21,1 41tok dei ut frå Hor-fjellet og slo leir i Salmona. 42Frå Salmona tok dei ut og slo leir i Punon. 43Frå Punon tok dei ut og slo leir i Obot. #21,10 44Frå Obot tok dei ut og slo leir i Ijje-Abarim på grensa til Moab. #21,11 45Frå Ijjim tok dei ut og slo leir i Dibon-Gad. 46Frå Dibon-Gad tok dei ut og slo leir i Almon-Diblatajim. 47Frå Almon-Diblatajim tok dei ut og slo leir ved Abarim-fjella, midt for Nebo.
48Då dei tok ut frå Abarim-fjella, slo dei leir på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko. 49Leiren deira låg langsmed Jordan og rakk frå Bet-Jesjimot til Abel-Sjittim på slettene i Moab.
50På slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko, tala Herren til Moses: 51Tal til israelittane og sei til dei: Når de går over Jordan og kjem inn i Kanaan, 52skal de driva ut alle som bur i landet, og slå sund biletstøttene deira. De skal gjera ende på alle bileta dei har støypt seg, og øydeleggja alle offerhaugane deira. #2 Mos 23,32.33; 34,12ff; 5 Mos 7,2ff 53Så skal de ta landet i eige og busetja dykk der; for eg har gjeve dykk det til odel og eige. 54De skal skifta landet mellom dykk ved loddkasting, ætt for ætt. Ei stor ætt skal få stor eigedom og ei lita ætt mindre. Kvar skal få etter som loddet fell, og de skal få eigedom innanfor den ætta som de tilhøyrer. #26,54ff; Jos 14,1 55Men driv de ikkje folket i landet ut, då skal dei de sparer, verta som tornar i augo og broddar i sidene dykkar. Dei kjem til å plaga dykk i dykkar eige land. #2 Mos 34,12.15.16; Jos 23,13; Dom 2,3 56Og det eg hadde tenkt å gjera med dei, det vil eg gjera med dykk.

Currently Selected:

4. Mosebok 33: Bibel1978

Highlight

Copy

Compare

Share

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

Video for 4. Mosebok 33