YouVersion Logo
Search Icon

4. Mosebok 3

3
Levittane vert mønstra
1Dette er ætta åt Aron og Moses, som ho var den tid Herren tala til Moses på Sinai-fjellet. 2Aron hadde desse sønene: Den eldste heitte Nadab; så kom Abihu, Elasar og Itamar. #2 Mos 6,23 3Det er namna på Arons-sønene, dei som var salva til prestar og vigde til å gjera presteteneste. #2 Mos 28,41; 3 Mos 8,6ff 4Nadab og Abihu døydde i Sinai-øydemarka medan dei stod for Herrens åsyn; for dei hadde bore uvigsla eld fram for han. Dei hadde ingen søner. Sidan gjorde Elasar og Itamar presteteneste under Aron, far sin.#3 Mos 10,1.2
5Herren sa til Moses: 6Lat Levi-ætta koma hit! Lat dei gå fram for Aron, presten, og tena han! 7Dei skal gjera teneste framfor møteteltet både for Aron og for heile Israels-lyden og gjera det arbeidet som skal gjerast ved heilagdomen. #1,53; 16,9 8Dei skal ta vare på alt det som høyrer til i møteteltet. Såleis skal dei tena israelittane og gjera det arbeidet som skal gjerast ved heilagdomen. 9Gjev levittane over til Aron og sønene hans. Dei er dei einaste av israelittane som skal gjevast over til han. #8,16; 18,6 10Aron og sønene hans skal du setja til å gjera presteteneste. Kjem nokon annan nær det heilage, skal han døy.#1,51
11Så sa Herren til Moses: 12Sjå, levittane har eg teke ut mellom israelittane i staden for alle fyrstefødde i Israel, dei som kjem fyrst frå mors liv. Og levittane skal høyra meg til. 13For eg skal ha alt fyrstefødt. Den dagen eg slo i hel alle dei fyrstefødde i Egypt, fastsette eg at alt fyrstefødt i Israel, både av menneske og dyr, skal viast til meg. Det skal høyra meg til. Eg er Herren.#2 Mos 13,2; 22,29; 34,19
14Herren tala atter til Moses i Sinai-øydemarka og sa: #26,57–62 15«Du skal mønstra levittane, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle menn og alle gutar som er ein månad eller meir, skal du mønstra.» 16Så mønstra Moses dei på Herrens ord, som han var føresagd. 17Dette er namna på sønene til Levi: Gersjon, Kehat og Merari. #2 Mos 6,16f 18Sønene til Gersjon og ættene deira heitte Libni og Sjimi. 19Sønene til Kehat og ættene deira var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel. 20Sønene til Merari og ættene deira var Makli og Musji. Dette er Levi-ættene og ættgreinene deira.
21Til Gersjon høyrde Libni-ætta og Sjimi-ætta. Det er Gersjon-ættene. 22Då dei vart mønstra, alle menn og alle gutar som var ein månad eller meir, var det 7 500 som vart innskrivne i manntalet. 23Gersjon-ættene hadde leiren sin bak heilagdomen, mot vest. 24Hovdingen over Gersjon-greina var Eljasaf, son til Lael. 25Det Gersjon-sønene skulle ta seg av i samband med møteteltet, var sjølve heilagdomen, teltet, taket på det og teppet for møteteltdøra, #4,25 26omhenget rundt føregarden som låg kring heilagdomen og altaret, teppet for døra inn til føregarden, snorene og alt arbeidet som fylgde med dette.
27Til Kehat høyrde Amram-ætta, Jishar-ætta, Hebron-ætta og Ussiel-ætta. Det er Kehat-ættene. 28Då det vart halde manntal over alle menn og alle gutar som var ein månad eller meir, var det 8 600 mann som skulle gjera teneste ved heilagdomen. 29Kehat-ættene hadde leiren sin på sørsida av heilagdomen. 30Hovdingen over Kehat-greina var Elisafan, son til Ussiel. #2 Mos 6,22; 3 Mos 10,4 31Det dei skulle ta seg av, var paktkista, bordet, ljosestaken, altara, dei heilage reiskapane som vart nytta i gudstenesta, og teppet og alt arbeidet som fylgde med.#4,4f
32Den øvste hovdingen over levittane var Elasar, son til Aron, presten. Han hadde tilsyn med dei som gjorde teneste ved heilagdomen.
33Til Merari høyrde Makli-ætta og Musji-ætta. Det er Merari-ættene. 34Då dei vart mønstra, alle menn og alle gutar som var ein månad eller meir, var det 6 200 som vart innskrivne i manntalet. 35Hovdingen over Merari-greina var Suriel, son til Abihajil. Dei hadde leiren sin på nordsida av heilagdomen. 36Merari-sønene var sette til å ta seg av plankane i møteteltet, tverrstengene, stolpane og fotstykka, alle reiskapane der og alt arbeidet som fylgde med, 37og stolpane kring føregarden med fotstykka, pluggane og snorene som høyrde til.
38På austsida av heilagdomen, framfor den delen av møteteltet som vender mot soloppgangen, hadde Moses og Aron og sønene hans leiren sin. Dei tok seg av tenesta ved heilagdomen for israelittane. Kom ein annan nær det heilage, laut han døy. 39Talet på dei levittane som vart mønstra, mønstra av Moses og Aron på Herrens ord, ætt for ætt, alle menn og alle gutar som var ein månad eller meir, var i alt 22 000.
Utløysing av dei fyrstefødde
40Herren sa til Moses: Du skal mønstra dei fyrstefødde i Israel, alle menn og alle gutar som er ein månad eller meir, og skriva dei inn i manntalet. 41Lat så meg, Herren, få levittane i staden for alle dei fyrstefødde mellom israelittane, og feet åt levittane i staden for alt det fyrstefødde feet hjå israelittane.#2 Mos 13,12; 22,29
42Moses gjorde som Herren hadde sagt, og mønstra alle fyrstefødde hjå israelittane. 43Talet på dei fyrstefødde som vart mønstra og innskrivne i manntalet, alle menn og alle gutar som var ein månad eller meir, var i alt 22 273.
44Så sa Herren til Moses: 45Ta levittane i staden for alle dei fyrstefødde mellom israelittane, og feet åt levittane i staden for feet deira. Levittane skal høyra meg, Herren, til. 46Men i løysepengar for dei 273 fyrstefødde mellom israelittane som går ut over talet på levittar, 47skal du ta fem sekel for kvar, etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, der ein sekel er tjue gera. 48Desse pengane skal du gje Aron og sønene hans til utløysing av dei israelittane som er over talet.
49Så fekk Moses løysepengane for dei fyrstefødde mellom israelittane som var att då dei andre var utløyste med levittane. 50Hjå dei fyrstefødde mellom israelittane fekk han pengane, 1 365 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen. 51Og etter Herrens ord gav Moses løysepengane til Aron og sønene hans. Moses gjorde som Herren hadde sagt.

Currently Selected:

4. Mosebok 3: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy