YouVersion Logo
Search Icon

4. Mosebok 2

2
Israels-hæren vert mønstra
1Herren sa til Moses og Aron:
2Israelittane skal liggja i leir, kvar under si fane og sitt ættemerke. Leiren skal vera kring møteteltet, eit stykke frå det.
3På framsida, mot aust, skal Juda-hæren liggja, flokk for flokk. Naksjon, son til Amminadab, er hovding over Juda-sønene, 4og 74 600 er mønstra i fylkinga hans. 5Attmed dei skal Jissakars-ætta liggja. Netanel, son til Suar, er hovding over Jissakars-sønene, 6og 54 400 er mønstra i fylkinga hans. 7Så kjem Sebulons-ætta. Eliab, son til Helon, er hovding over Sebulons-sønene, 8og 57 400 er mønstra i fylkinga hans. 9Dei som er mønstra i Juda-hæren, flokk for flokk, er 186 400. Det er den fyrste fylkinga som skal ta ut.
10Mot sør skal Rubens-hæren liggja, flokk for flokk. Elisur, son til Sjede’ur, er hovding over Rubens-sønene, 11og 46 500 er mønstra i fylkinga hans. 12Attmed dei skal Simeons-ætta liggja. Sjelumiel, son til Surisjaddai, er hovding over Simeons-sønene, 13og 59 300 er mønstra i fylkinga hans. 14Så kjem Gads-ætta. Eljasaf, son til De’uel, er hovding over Gads-sønene, 15og 45 650 er mønstra i fylkinga hans. 16Dei som er mønstra i Rubens-hæren, flokk for flokk, er i alt 151 450. Det er den andre fylkinga som skal ta ut.
17Så skal levitt-hæren, midt imellom dei andre, ta ut med møteteltet. Etter som dei har lege i leir, skal dei fara i veg, kvar mann på sin stad og under si fane.
18Mot vest skal Efraims-hæren liggja, flokk for flokk. Elisjama, son til Ammihud, er hovding over Efraims-sønene, 19og 40 500 er mønstra i fylkinga hans. 20Attmed dei kjem Manasse-ætta. Gamliel, son til Pedasur, er hovding over Manasse-sønene, 21og 32 200 er mønstra i fylkinga hans. 22Så kjem Benjamins-ætta. Abidan, son til Gidoni, er hovding over Benjamins-sønene, 23og 35 400 er mønstra i fylkinga hans. 24Dei som er mønstra i Efraims-hæren, flokk for flokk, er i alt 108 100. Det er den tredje fylkinga som skal ta ut.
25Mot nord skal Dans-hæren liggja, flokk for flokk. Akieser, son til Ammisjaddai, er hovding over Dans-sønene, 26og 62 700 er mønstra i fylkinga hans. 27Attmed dei skal Asjers-ætta liggja. Pagiel, son til Okran, er hovding over Asjers-sønene, 28og 41 500 er mønstra i fylkinga hans. 29Så kjem Naftali-ætta. Akira, son til Enan, er hovding over Naftali-sønene, 30og 53 400 er mønstra i fylkinga hans. 31Dei som er mønstra i Dans-hæren, er i alt 157 600. Det er den siste fylkinga som skal ta ut, under fanene sine.
32Dette var dei israelittane som vart mønstra, kvar i si ættgrein. Talet på alle dei som vart mønstra i hærane, flokk for flokk, var 603 550. #1,46f 33Levittane vart ikkje mønstra saman med dei andre israelittane. Som Herren hadde sagt Moses føre, 34så gjorde israelittane. Dei slo leir, kvar under si fane, og dei tok i veg, kvar i si ætt og si ættgrein, heilt og fullt som Herren hadde sagt Moses føre.

Currently Selected:

4. Mosebok 2: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy