YouVersion Logo
Search Icon

Matteus 3

3
Førebuinga til Jesu gjerning
(3,1–4,11)
Døyparen Johannes stig fram
(Mark 1,2–8; Luk 3,1–18)
1På den tid steig døyparen Johannes fram i øydemarka i Judea og forkynte: 2«Vend om, for himmelriket er nær!» #Jer 3,12.22; Hos 14,2; Dan 2,44; 7,14; Jes 52,7; Matt 4,17; 10,7 3Det er om han profeten Jesaja talar når han seier:#Jes 40,3; Joh 1,23
Ei røyst ropar i øydemarka:
Ryd veg for Herren,
gjer stigane hans rette!
4Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lerbelte om livet, og maten hans var grashopper og vill honning. #2 Kong 1,8 5Folk drog ut til han, frå Jerusalem og heile Judea og landet attmed Jordan. 6Og han døypte dei i Jordan-elva, medan dei sanna syndene sine.
7Men då han såg at mange farisearar og saddukearar kom og ville verta døypte, sa han til dei: «Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den vreidedomen som skal koma? #12,34; 23,33 8Så ber då frukt som svarar til omvendinga. 9Og tru ikkje at de kan seia: Vi har Abraham til far. For eg seier dykk: Gud kan reisa opp born for Abraham av desse steinane.#Rom 4,12; 9,3ff; Joh 8,33.39 10Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden. #7,19; Joh 15,2.6 11Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld. #Joh 1,26f; Apg 1,5; 2,2ff; 19,4 12Han har kasteskufla i handa og skal reinsa kornet på treskjevollen. Kveiten skal han samla i løa, men agnene skal han brenna opp med eld som aldri sloknar.»#3:12kasteskufla ein tregaffel med breie tenner og langt skaft. Med denne reiskapen kasta bonden det treskte kornet opp i vinden; agnene bles bort, medan kornet fall ned av di det var tyngre. [1 Kor 9,9.]#13,30.42
Jesus vert døypt
(Mark 1,9–11; Luk 3,21–22; Joh 1,32–34)
13Då kom Jesus frå Galilea til Jordan, til Johannes, og ville verta døypt av han. 14Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg!» 15Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. 16Med det same Jesus var døypt, steig han opp or vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. #Esek 1,1; Apg 10,11+ 17Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i.»#1 Mos 22,2; Sal 2,7; Jes 42,1; Matt 12,18; 17,5; 2 Pet 1,17

Currently Selected:

Matteus 3: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy