YouVersion Logo
Search Icon

Matteus 2

2
Vismennene hyllar Jesus
1Det var i Betlehem i Judea Jesus vart fødd, medan Herodes var konge. Då kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem #2,1 Herodes Herodes den store, som under romersk overhøgd styrte i Palestina 37–4 f.Kr. Sjå Luk 1,5. 2og spurde: «Kvar er den jødekongen som nett er fødd? Vi såg stjerna hans då ho synte seg i dagsranda, og no er vi komne og vil hylla han.» #2,2 stjerna hans Det var ikkje uvanleg at stjernetydarar sette ei stjerne i samband med vona om ein komande frelsarkonge. Serleg feste dei seg ved ei stjerne som gjekk opp over synsranda nett før solrenning og ikkje langt frå sola.#4 Mos 24,17 3Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han. 4Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket, og spurde dei kvar Messias skulle verta fødd. 5«I Betlehem i Judea,» svara dei, «for så står det skrive hjå profeten:#Joh 7,42
6Du Betlehem i Juda land
er så visst ikkje den ringaste ¬av fyrstane i Juda.
Frå deg skal det koma ¬ein hovding,
som skal vera hyrding for Israel, ¬folket mitt.» #Mi 5,1; Joh 10,11+
7Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om tida då stjerna hadde synt seg 8Så sende han dei til Betlehem og sa: «Gå og spør dykk føre om dette barnet. Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla det.» 9Då dei hadde høyrt på kongen, tok dei i veg. Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande over staden der barnet var. 10Då dei såg stjerna, vart dei overlag glade. 11Dei gjekk inn i huset og fann barnet hjå mora, Maria. Og dei fall på kne og hylla det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra. #2,11 myrra[Sal 45,9.]#Sal 72,10f; Jes 60,6 12Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og dei tok ein annan veg heim att til landet sitt.
Herodes vil drepa barnet
13Då dei var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og ver der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.» 14Han stod opp, og same natta tok han barnet og mora og fór til Egypt, 15og der vart han verande til Herodes døydde. Såleis skulle det oppfyllast, det ordet Herren har tala gjennom profeten: Frå Egypt kalla eg son min.#Hos 11,1
16Då Herodes skjøna at vismennene hadde narra han, vart han brennande harm. Han sende ut folk og lét dei drepa alle guteborn i Betlehem og grannelaget, dei som var to år eller yngre; dette var i samsvar med det han hadde fått vita av vismennene om tida. 17Då vart det oppfylt, det ordet som profeten Jeremia har tala:
18Det høyrdest eit rop ¬i Rama,
gråt og høg klage;
Rakel gret over borna sine
og ansa ikkje trøystarord.
For borte er dei. #Jer 31,15
Frå Egypt til Nasaret
19Etter at Herodes var død, synte Herrens engel seg i ein draum for Josef i Egypt 20og sa: «Stå opp, ta barnet og mora og far til Israels-landet! For no er dei borte, dei som ville ta livet av barnet.» 21Då stod han opp, tok barnet og mora og fór til Israels-landet. 22Men då han fekk høyra at Arkelaus hadde vorte konge i Judea etter Herodes, far sin, torde han ikkje fara dit. Han vart varsla i ein draum og drog til Galilea. #2,22 Arkelaus landsfyrste over Samaria, Judea og Idumea (den sørlegaste delen av Palestina) 4 f.Kr. – 6 e.Kr.#Luk 1,26; 2,39 23Då han kom dit, busette han seg i ein by som heiter Nasaret. Såleis skulle det oppfyllast, det profetane hadde sagt, at han skulle kallast nasarear.#2,23 profetane hadde sagt Det er uvisst kva for stader i GT Matteus her siktar til.#Dom 13,5–7

Currently Selected:

Matteus 2: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy