YouVersion Logo
Search Icon

Malaki 4

4
1Sjå, dagen kjem, ¬han brenn som ein omn.
Alle frekke og gudlause
skal då vera som halm,
og dagen som kjem, ¬skal brenna dei opp,
seier Herren, Allhærs Gud,
så korkje rot eller grein vert att.
# 4,1 dagen kjem Herrens dag.
2Men for dykk ¬som har age for mitt namn,
skal rettferdssola renna
med lækjedom ¬under sine venger.
De skal gå ut og kjæta dykk ¬som kalvar
når dei slepp or fjøset. #Sal 72,2ff; Jes 11,4f; Luk 1,78
3Då skal de trakka ned ¬dei gudlause,
dei skal vera som støv ¬under sólane dykkar
den dagen eg gjer mitt verk,
seier Herren, Allhærs Gud.
Formaning og lovnad
4Kom i hug lova åt Moses, ¬tenaren min,
den eg gav han på Horeb ¬for heile Israel,
både føresegner ¬og domsreglar. #2 Mos 20,1ff
5Sjå, eg sender profeten Elia ¬til dykk
før Herrens dag kjem, ¬den store og skræmande. #4,5 profeten Elia Jødane trudde at profeten Elia, som var oppteken til himmelen (2 Kong 2,11), skulle koma att i dei siste tidene og få menneska til å venda om. Sml. Matt 11,14; 17,10f.#Matt 11,14; 17,12; Luk 1,17
6Han skal venda fedrehjarto ¬til borna
og barnehjarto til fedrane,
så eg ikkje skal koma ¬og bannstøyta landet. #Luk 1,16f

Currently Selected:

Malaki 4: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy