YouVersion Logo
Search Icon

Malaki 3

3
1Sjå, eg sender ¬min bodberar,
han skal rydja vegen ¬for meg.
Brått kjem han til sitt tempel,
Herren som de leitar etter.
Sjå han kjem, ¬engelen for pakta
som de stundar etter,
seier Herren, Allhærs Gud. #2 Mos 23,20ff; Mal 4,5; Matt 11,10
2Men kven kan tola ¬den dagen han kjem,
kven kan stå seg ¬når han syner seg?
For han er lik elden ¬som smeltaren brukar,
lik luten ¬som vaskarane reinsar med. #Joel 2,11
3Han skal sitja ¬og smelta og reinsa sølvet.
Han skal reinsa levittane,
reinsa dei som gull og sølv,
så dei kan bera fram for Herren
offergåver på rett vis. #3,3 reinsa levittane skipa på nytt pakta med Levi (2,4) og reinsa tempelgudstenesta.#Sak 13,9
4Då skal Herren gleda seg
over offergåvene ¬frå Juda og Jerusalem
som i eldgamle dagar, ¬i framfarne år. #Rom 12,1; Hebr 13,16
5Eg kjem til dykk og held dom.
Eg skundar meg å vera vitne
mot dei som driv ¬med trolldom,
mot dei som bryt ekteskapet,
mot dei som gjer rang eid,
og mot dei som held att løna ¬for leigekaren,
er harde med enkjer ¬og farlause
og rengjer retten ¬for innflyttaren,
men ikkje har age for meg,
seier Herren, Allhærs Gud. #5 Mos 24,14.17ff
Israels svik og ulukke
6Eg, Herren, ¬har ikkje forandra meg,
og de, Jakobs søner, ¬er støtt dei same. #4 Mos 23,19
7Heilt frå dykkar fedrars tid
har de vike av ¬frå mine føresegner
og ikkje halde dei.
Vend tilbake til meg,
så skal eg venda meg til dykk,
seier Herren, Allhærs Gud.
Men de spør: «Korleis ¬skal vi venda tilbake?» #Sak 1,3
8Kan eit menneske røva noko ¬frå Gud?
For de svik meg, ¬men spør likevel:
«Kva er det vi har røva ¬frå deg?»
Tienda og avgiftene! #3 Mos 27,30ff
9Forbanning kviler over dykk ¬som svik meg,
det gjeld heile folket. #5 Mos 28,15ff
10Kom med heile tienda ¬til forrådshuset,
så det kan finnast mat ¬i mitt hus,
og prøv meg på denne måten,
seier Herren, Allhærs Gud.
Då skal eg opna ¬himmelens luker
og renna ut over dykk
velsigning i rikt mål. #2 Kong 7,2.19
11Eg vil skræma grashoppene ¬bort frå dykk,
så dei ikkje øydelegg grøda ¬på marka;
frukta skal ikkje slå feil
på vintrea i hagen,
seier Herren, Allhærs Gud.
12Då skal alle folkeslag ¬prisa dykk sæle,
for då har de eit ynskeland,
seier Herren, Allhærs Gud.
Dom og frelse på Herrens dag
13De talar harde ord mot meg, ¬seier Herren.
Og likevel spør de:
«Kva er det vi har sagt ¬mot deg?» #2,17
14De seier:
«Det er fåfengt å dyrka Gud.
Kva vinning har vi hatt
av at vi retta oss etter det ¬han har fastsett,
og gjekk botskledde ¬for Herren, Allhærs Gud? #Sal 73,13
15Men no vil vi prisa ¬dei frekke sæle,
for dei gjer det vonde, ¬men det går dei vel,
dei freistar Gud ¬og slepp likevel unna.» #Job 21,7; Sal 28,5
16Dei som har age for Herren, ¬tala då saman,
og Herren lydde etter ¬og høyrde kva dei sa.
Hjå han vart det skrive ¬ei minnebok
om dei som ottast Herren ¬og ærar hans namn. #Sal 1,6; 56,9; 2 Tim 2,19
17Den dagen eg gjer mitt verk,
seier Herren, Allhærs Gud,
skal dei vera min eigedom,
og eg vil vera mild mot dei,
liksom ein mann er mild
mot son sin som tener han. #Sal 103,13
18Då skal de atter sjå skil
på rettferdige og gudlause,
på dei som dyrkar Gud,
og dei som ikkje dyrkar han. #Jes 3,10f

Currently Selected:

Malaki 3: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy