YouVersion Logo
Search Icon

Galatarane 5

5
Kristen fridom
1Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor støtt og lat ikkje nokon tvinga dykk inn att under trældoms åk. #Joh 8,36; Apg 15,10; Gal 2,4; 5,13 2Eg, Paulus, seier dykk: Lèt de dykk omskjera, vil Kristus inkje gagna dykk. #2,21 3Atter slår eg fast at kvar den som lèt seg omskjera, er skuldig til å halda heile lova. #3,10 4De som vil verta rettferdige for Gud ved lova, de er skilde frå Kristus, de er falne ut or nåden. 5Men vi held oss til trua og ser ved Anden fram mot den rettferd som er vår von. 6For i Kristus Jesus gjer det korkje frå eller til om ein er omskoren eller uomskoren; her gjeld berre tru, verksam i kjærleik. #1 Kor 7,19; Gal 6,15 7De var komne godt i gang med laupet. Kven er det som har hindra dykk i å vera lydige mot sanninga? 8Han som kalla dykk, har ikkje overtalt dykk til dette. 9Litt surdeig syrer heile deigen. #1 Kor 5,6 10Men Herren gjev meg den tiltru til dykk at de ikkje vil tenkja annleis enn eg. Den som forvirrar dykk, skal få sin dom, kven han så er. #1,6f 11Om det er så, brør, at eg no òg forkynner omskjering, kvifor vert eg då forfylgd? Då er ikkje krossen ein støytestein lenger. #1 Kor 1,23 12Måtte dei berre skamskjera seg, dei som set dykk opp!
13De er kalla til fridom, brør. Lat berre ikkje fridomen verta eit påskot for den syndige naturen, men ten kvarandre i kjærleik. #Rom 6,18.22; 1 Kor 8,9; 1 Pet 2,16 14For heile lova kan samanfattast i det eine bodet: Du skal elska nesten din som deg sjølv. #3 Mos 19,18; Rom 13,8ff+ 15Men når de bit og glefser etter kvarandre, så ta dykk i vare at de ikkje et kvarandre opp.
Anden og menneskenaturen
16Eg seier dykk: Lev eit liv i Anden! Då gjer de ikkje det som den syndige naturen trår etter. 17For det vår vonde natur trår etter, er Anden imot, og det Anden trår etter, er vår vonde natur imot. Dei to ligg i strid, så de ikkje er i stand til å gjera det de vil. #Rom 7,15ff; 8,5 18Men vert de drivne av Anden, då er de ikkje under lova. #Rom 6,14; 8,14 19Det er klårt kva som kjem frå vår vonde natur: hor, umoral, sedløyse, #Rom 1,29ff+ 20avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, strid, avund, sinne, sjølvhevding, usemje, partistrid, 21misunning, drikk, svir og meir av det slaget. Som eg før har sagt: Dei som fer med slikt, skal ikkje arva Guds rike. 22Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap, #Ef 5,9 23spaklynde og sjølvtøyming. Mot slike ting er ikkje lova. #1 Tim 1,9 24Dei som høyrer Kristus til, har krossfest den vonde naturen med lidenskapane og lystene. #Rom 6,6; Kol 3,5 25Har vi fått livet ved Anden, så lat oss òg ferdast i Anden. #Rom 8,5; Gal 5,16 26Lat oss ikkje vera drivne av æresykje, så vi eggjar kvarandre og misunner kvarandre.#Fil 2,3

Currently Selected:

Galatarane 5: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy