YouVersion Logo
Search Icon

2. Samuelsbok 22

22
David takkar og lovsyng
1Då Herren hadde fria David frå alle fiendane hans og frå Saul, kvad han denne songen for Herren. #Sal 18,1ff 2Han sa:
Herren er mitt berg og mi borg, ¬min utfriar,
3min Gud, mitt fjell ¬som eg flyr til.
Han er mitt skjold, ¬mitt frelsehorn og mitt vern,
mi livd, min hjelpar ¬som friar meg frå vald. #22,3 mitt frelsehorn[Sal 18,3.]
4Eg kallar på Herren, ¬han som får lovsong,
og eg vert frelst ¬frå mine fiendar.
5Dødens brotsjøar ¬braut ikring meg,
undergangsstraumane ¬skræmde meg.
6Helheims reip ¬snørte seg om meg,
dødens snarer låg i min veg.
7Då kalla eg på Herren ¬i mi naud
og ropa til min Gud.
Han høyrde mi røyst ¬frå sitt tempel,
til hans øyra nådde mitt rop.
8Då skalv og riste jorda,
himmelens grunnvollar skok,
dei skalv fordi han var harm.
9Røyk steig opp or hans nase,
øydande eld or hans munn;
gneistar og glør fór ut frå han.
10Han senka himmelen ¬og steig ned
med svarte skyer ¬under sine føter.
11Sitjande på kjerubar flaug han,
kom til synes ¬på vengene åt vinden.
12Han gjorde mørkret til sitt telt,
og kring seg hadde han ¬svarte, regntunge skyer.
13Frå stråleglansen framføre han
fór det ut gneistar og glør.
14Herren torna frå himmelen,
Den Høgste lét røysta si lyda.
15Han skaut sine piler ¬og spreidde mine fiendar,
han sende lyn og skræmde dei. #22,15 piler[Sal 18,15.]
16Rennene på havbotnen ¬kom til synes,
grunnvollane under jorda ¬viste seg
då Herren truga,
ja, bles og fnyste av vreide.
17Han rette ut si hand frå det høge ¬og greip meg,
drog meg opp ¬or det djupe vatnet.
18Han berga meg ¬frå min mektige fiende,
frå motstandarar ¬som var meg for sterke.
19Dei gjekk imot meg ¬på ulukkedagen,
men Herren var ei støtte ¬for meg.
20Han førte meg ut i ope lende
og fria meg ut, ¬for han har meg kjær.
21Herren gjorde vel imot meg ¬for mi rettferd,
han lønte meg ¬fordi mine hender var reine.
22For eg hadde halde meg ¬til Herrens vegar
og ikkje falle frå min Gud ¬i vondskap.
23Alle hans lover ¬hadde eg for auga
og veik ikkje av frå hans bod.
24For han var eg heil i mi ferd
og akta meg vel, ¬så eg ikkje synda.
25Herren lønte meg for mi rettferd,
då han såg at eg var rein.
26Du er trufast ¬mot den som er trufast,
heilhjarta ¬mot kvar heilhjarta krigar.
27Du viser deg rein mot ¬den reine,
men vrang mot den svikefulle.
28Du frelser dei hjelpelause,
men vender deg mot dei stolte ¬og audmykjer dei.
29Ja, du er mitt ljos, Herre,
Herren lyser opp i mitt mørker.
30Med deg kan eg storma ¬mot ein krigarflokk,
med Guds hjelp ¬kan eg springa over murar.
31Guds veg er fullkomen,
Herrens ord er reint.
Han er eit skjold for alle
som flyr til han.
32For kven er Gud ¬forutan Herren,
og kven er eit berg ¬om ikkje vår Gud?
33Gud er mitt sterke vern;
han gjer mi ferd ulastande.
34Han gjev meg føter som ei hind
og lèt meg stå på høgdene.
35Han lærer opp mine hender ¬til strid,
mine armar til å spenna ¬bronsebogen.
36Du gjev meg di frelse til skjold,
bøyer deg ned og gjer meg stor.
37Du jamnar veg for mine steg,
og mine okle er støe.
38Eg jagar mine fiendar ¬og slettar dei ut,
eg snur ikkje ¬før eg har gjort ende på dei.
39Eg gjer ende på dei ¬og rydjar dei ut,
så dei ikkje kan reisa seg,
men ligg under føtene mine.
40Du rustar meg ¬med styrke til striden
og tvingar mine motstandarar ¬i kne.
41Du slår mine fiendar på flukt,
eg rydjar ut dei som hatar meg.
42Dei ser seg om, ¬men det er ingen som bergar,
dei ropar til Herren, ¬han svarar dei ikkje.
43Eg knuser dei ¬som støv på jorda,
trør og trakkar dei ned ¬som avfall i gata.
44Du berga meg ¬då folket mitt låg i strid,
heldt meg oppe ¬som hovding over folkeslag.
Folk eg ikkje kjende, ¬må tena meg;
45framande kryp for meg,
dei lyder berre dei høyrer ¬om meg.
46Ja, dei framande er utmødde,
skjelvande kjem dei ¬ut or sine borger.
47Herren lever! ¬Mitt berg vere lova!
Opphøgd vere den sterke Gud, ¬min frelsar.
48Gud gjev meg hemn
og legg folkeslag under meg.
49Han friar meg frå mine fiendar,
ja, lyfter meg høgt ¬over mine motstandarar
og bergar meg frå valdsmenn.
50Difor lovar eg deg ¬mellom folka, Herre,
og prisar ditt namn med song.
51Han gjev sin konge store sigrar,
han er trufast ¬mot den han har salva,
mot David og hans ætt ¬til evig tid.

Currently Selected:

2. Samuelsbok 22: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy