YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 8

8
1 # 8,1 Gittit kanskje namnet på ein melodi. Til korleiaren. Etter Gittit. Ein salme av David.
2 # 19,2; 89,6; 148,4.13 Herre, vår herre,
kor herleg ditt namn er over heile jorda,
du som har breidd ut din glans på himmelen!
3 # Matt 21,16 # 8,3 vern =Septuaginta har eit ord som tyder «lovsong» her. Frå munnen på småborn og spedborn
har du reist eit vern mot dei som står imot deg,
for å gjera ende på fienden og hemnaren.
4Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar,
månen og stjernene som du har sett der,
5 # Job 7,17; Sal 144,3; Hebr 2,6ff kva er då eit menneske – at du hugsar på det,
eit menneskebarn – at du tek deg av det?
6 # 8,6 Gud Ordet i grunnteksten kan òg tyda «himmelske vesen». Jf. Hebr 2,7. Du sette han lite lågare enn Gud
og krona han med herlegdom og ære.
7 # 1 Mos 1,26ff+ Du sette han til herre over det dine hender har skapt,
alt la du under hans føter:
8småfe og storfe i samla flokk,
dei ville dyra på marka,
9fuglane under himmelen og fiskane i havet,
alt som ferdast på havsens stigar.
10 Herre, vår herre,
kor herleg ditt namn er over heile jorda!

Currently Selected:

Salmane 8: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy