YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 7

7
1 # 7,1 sjiggajon ein type song, uvisst kva slag. Jf. Hab 3,1. Ein sjiggajon av David. Han song han for Herren på grunn av benjaminitten Kusj.
2 Herre, min Gud, eg søkjer tilflukt hos deg.
Frels meg og berg meg frå alle som jagar meg.
3 # 10,9; 17,12; 37,32; 57,5; Jer 5,26 Lat dei ikkje riva meg sund som løver
og dra meg bort utan at nokon bergar meg.
4 Herre, min Gud, om eg har fare slik fram
at det er urett i mine hender,
5om eg har gjort vondt mot min ven
og rana min motstandar utan grunn,
6så lat fienden jaga meg og nå meg att,
trakka mitt liv til jorda
og kasta mi ære i støvet. Sela
7 # 3,8+; 35,23; 44,24; 59,5; 94,2 Reis deg, Herre, i din vreide,
stå opp mot fiendane som rasar mot meg!
Vakna, min Gud, du som stemner til doms.
8Lat folka samla seg kring deg,
ta ditt sete over dei i det høge!
9 # 1 Mos 18,25; Apg 17,31; Rom 3,6 Herren dømmer folka.
Gjev meg min rett, Herre,
for eg er rettferdig og heil i mi ferd.
10 # 1 Sam 16,7; 1 Kong 8,39; Sal 11,4; 17,3; 26,2; 66,10; 139,23; Ordt 17,3; Jer 17,10 Gjer ende på vondskapen til dei som gjer urett,
men lat den rettferdige bli ståande,
du som prøver hjarte og nyrer,
du rettferdige Gud.
11 # 3,4+ Gud er mitt skjold,
han frelser dei ærlege av hjartet.
12 # 9,5; 58,12 Gud er ein rettferdig dommar,
ein Gud som alltid kan bli harm.
13 # 5 Mos 32,41; Sal 64,8; Klag 2,4; 3,12 Dersom nokon ikkje vender om,
vil han kvessa sverdet,
spenna bogen og sikta,
14gjera sine drepande våpen klare
og setja fyr på sine piler.
15 # Job 15,35+ Sjå, den som er svanger med urett,
har avla ugjerning og føder løgn.
16 # 9,16; 35,8; 57,7; Ordt 26,27; Fork 10,8 Eit hòl grev han, og han gjer det djupt,
men fell sjølv ned i den grava han grov.
17 # 140,10; Ordt 5,22 Hans ugjerning råkar hans eige hovud,
sin eigen råskap får han i skallen.
18Eg vil prisa Herren for hans rettferd,
lovsyngja namnet til Herren, Den høgste.

Currently Selected:

Salmane 7: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy