YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 74

74
1 # 44,10+ Ein læresalme av Asaf.
Gud, kvifor har du støytt oss bort for alltid?
Kvifor flammar din vreide mot dei du gjeter?
2 # 2 Mos 15,16; 5 Mos 7,6; 12,5 Kom i hug flokken du vann deg i gammal tid,
din eigen stamme som du fria ut,
Sion-fjellet der du slo deg ned.
3 # 2 Kong 25,9; Sal 79,1; Klag 2,6f Gå opp til ruinen som ligg knust for alltid!
I heilagdomen har fienden øydelagt alt.
4Motstandarane brølte der du samlar ditt folk.
Sine eigne hærmerke sette dei opp.
5Det var som når ein lyfter øksar i tjukke skogen.
6Slik slo dei sund alt det utskorne
med øks og med brekkstong.
7 # Jes 64,10 Dei sette eld på din heilagdom,
dei vanhelga og reiv ned
staden der namnet ditt bur.
8Dei tenkte: «Vi underkuar dei alle saman!»
Dei brende alle Guds samlingsstader i landet.
9 # Klag 2,9; Esek 7,26 Vi ser ikkje våre eigne merke.
Profetar finst ikkje lenger.
Ingen hos oss veit
kor lenge dette skal vara.
10Kor lenge, Gud, skal fienden spotta?
Skal motstandaren forakta ditt namn for alltid?
11Kvifor held du høgre handa tilbake?
Lyft handa frå fanget
og gjer slutt på dette!
12 # 5,3; 68,21 Men Gud, min konge frå gammal tid,
du som gjer frelsesverk på jorda,
13 # Job 26,12; Sal 66,6+; 104,6ff; 114,3; Jes 51,9f du kløyvde havet med di makt
og krasa hovuda til uhyra i vatnet.
14 # Job 26,13; Sal 104,26; Jes 27,1 # 74,14 Leviatan stort sjødyr, ofte gudfiendtleg makt. Jf. Job 40,20ff; Jes 27,1. =havet. Du slo sund hovuda til Leviatan
og gav han til føde for folket i ørkenen.
15 # 2 Mos 17,6; Sal 78,15f; 105,41 Du braut veg for kjelder og bekker,
du tørka ut mektige elvar.
16 # 1 Mos 1,14ff; Sal 136,7ff Din er dagen, og di er natta,
du sette himmellysa og sola på plass.
17Du fastsette alle grenser på jorda,
sommar og vinter er det du som har skapt.
18Hugs dette: Fienden spottar Herren,
eit folk av dårar foraktar ditt namn.
19Gjev ikkje turteldua di til villdyr,
gløym aldri dine armingars liv!
20 # 3 Mos 26,44f Vend blikket mot di pakt!
Landet er fullt av mørke stader
der valden bur.
21Lat ikkje den undertrykte gå bort med skam,
lat dei fattige og hjelpelause prisa ditt namn!
22 # 7,7+ Reis deg, Gud, og før di sak!
Hugs at du blir spotta av dårar dagen lang.
23Gløym ikkje ropet frå dine fiendar,
larmen som alltid stig
frå dei som står deg imot.

Currently Selected:

Salmane 74: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy