YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 73

73
Tredje boka
Salme 73–89
1 # 24,4+; 25,8 # 73,1 Tredje boka Den bibelske salmeboka er i =masoretteksten inndelt i fem hovuddelar. Kvar del sluttar med ei velsigning, jf. 41,14; 72,18f; 89,53; 106,48; 146–150. Asaf >50,1. Ein salme av Asaf.
Sanneleg, Gud er god mot Israel,
mot dei som er reine av hjartet.
2Men eg var nær ved å snubla,
foten heldt på å gli ut.
3 # 37,1+ For eg var misunneleg på dei hovmodige,
eg såg at det gjekk dei urettferdige vel.
4Dei er utan plager til sin død,
magen er god og mett.
5Dei lid ikkje som andre menneske,
dei blir ikkje plaga som andre folk.
6Difor er hovmod deira halskjede,
dei er kledde i ei drakt av vald.
7 # Jer 5,28 # 73,7 Synda … velstand Omsetjinga følgjer =Septuaginta. Hebr. har «Auget deira står ut av feitt». Synda deira kjem av velstand,
hjartans tankar fløymer over.
8Dei spottar, dei talar i vondskap,
ovanfrå trugar dei med vald.
9 # 12,5 Dei lyfter munnen mot himmelen,
og tunga fer omkring på jorda.
10Difor vender folk seg til dei
og syg i seg deira ord.
11 # 10,11+ Dei seier: «Korleis skulle Gud vita om det?
Har Den høgste kjennskap til noko?»
12 # 49,7+ Slik er dei urettferdige,
støtt er dei trygge og aukar sin rikdom.
13 # Job 35,3; Sal 26,6 Fåfengt har eg halde hjartet reint
og vaska hendene i uskuld.
14 # 44,23 For eg vart plaga heile dagen,
tala til rette kvar morgon.
15Hadde eg sagt: «Slik vil eg tala»,
då hadde eg svike dine born.
16Så tenkte eg etter, ville skjøna dette.
Det var pinefullt å sjå,
17heilt til eg gjekk inn i Guds heilagdom;
då skjøna eg kva framtid dei får.
18 # Job 21,17f; Jer 23,12 Ja, du fører dei ut på glatte vegar,
du får dei til å falla og bli knuste.
19 # 37,38 Brått går dei til grunne,
det er slutt, dei endar i redsle.
20 # Job 20,8; Sal 37,36 Dei er som ein draum når ein vaknar.
Du foraktar synet av dei
når du reiser deg, Herre.
21Så lenge eg var beisk i hjartet
og det stakk i nyrene,
22var eg dum og visste ingen ting,
som eit fe var eg mot deg.
23 # Jes 41,10 Men eg blir alltid verande hos deg,
du har gripe mi høgre hand.
24 # 48,15+ Du leier meg med ditt råd,
og sidan tek du imot meg i herlegdom.
25 # 16,2.5; 18,3+; Klag 3,24 Kven har eg elles i himmelen?
Når eg er hos deg, har eg ikkje glede i noko på jorda.
26 # 73,26 min del >16,6. Om kropp og hjarte forgår,
er Gud for evig mitt hjartans berg og min del.
27Dei som held seg borte frå deg, går til grunne,
du gjer ende på alle som er utrue mot deg.
28Men for meg er det godt å vera nær Gud.
Eg har teke mi tilflukt til Herren Gud.
Eg vil fortelja om alle dine gjerningar.

Currently Selected:

Salmane 73: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy