YouVersion Logo
Search Icon

Ordtaka 6

6
Når du har kausjonert for ein annan
1 # 11,15; 17,18; 22,26 Son min, har du kausjonert for ein annan
og gjeve handslag til ein framand,
2har orda dine fått deg i snara,
er du fanga av det du har sagt,
3så gjer då dette og berga deg, son,
sidan ein annan har fått makt over deg:
Gå av stad, ver audmjuk, treng deg inn på mannen!
4 # Sal 132,4 Unn deg ikkje blund på auga,
og lat ikkje augneloka kvila!
5Berg deg unna som ein gasell frå jegeren,
som ein fugl frå fangarens hand!
Gå til mauren og bli vis
6Gå til mauren, du late,
sjå kva han gjer, og bli vis!
7Han har ingen hærførar,
korkje oppsynsmann eller herskar.
8 # 10,5; 30,25 Likevel syter han for mat om sommaren
og samlar inn føde om hausten.
9Kor lenge vil du liggja, du late,
når vil du vakna og stå opp?
10 # 20,13; 24,33f Berre sov litt til, ein ørliten blund,
legg hendene saman og kvil deg ei stund.
11Då kjem fattigdom på deg som farande fant
og nauda som velvæpna mann.
Med svik i hjartet
12Eit vondsinna menneske, ein ugjerningsmann,
er den som går omkring med falsk tunge,
13 # Sal 35,19; Ordt 10,10; 16,30 som sender hånlege blikk med auga,
skrapar med foten
og gjer teikn med fingrane.
14Han har svik i hjartet
og tenkjer ut vondt,
alltid skaper han strid.
15Difor kjem ulukka brått over han,
med eitt blir han knust og kan ikkje lækjast.
16 # 6,16 Seks er dei ting Slike talordspråk finn ein òg i 30,15–31. Seks er dei ting som Herren hatar,
og sju har han avsky for:
17 # 8,13; 12,22; 16,5 hovmodige auge og svikefull tunge,
hender som auser ut skuldlaust blod,
18 # Jes 59,7 eit hjarte som legg vonde planar,
raske føter som spring etter vondt,
19 # 19,5+ det falske vitnet som fer med løgn,
og den som skaper strid mellom brør.
Utruskap øydelegg livet
20 # 1,8; 3,1 Son min, hald fast på boda som far din gav deg,
forkast ikkje rettleiing frå mor di!
21 # 3,3+ Bind dei alltid til hjartet ditt,
knyt dei om halsen!
22 # 3,23f Når du går, skal dei leia deg,
når du ligg, skal dei verna deg,
og når du vaknar, skal dei tala til deg.
23 # Sal 119,105 For bodet er ei lykt og rettleiinga eit lys,
formaning og tilrettevising er vegen til livet.
24 # 2,16+ Dei skal verna deg mot ei vond kvinne,
mot den sleipe tunga til ei framand kvinne.
25Trå ikkje etter venleiken hennar i ditt hjarte,
lat henne ikkje fanga deg med sine augnekast!
26Ei hore kan du få for ein brødleiv,
men ei kvinne som høyrer ein annan til,
driv jakt på eit dyrebart liv.
27Kan ein sanka glør i fanget
utan at kleda tek til å brenna?
28Eller kan ein gå på glødande kol
utan at føtene blir svidde?
29Slik går det med den
som går inn til ein annan manns kone.
Ingen som rører henne,
kjem ustraffa frå det.
30 # 6,30 kan òg omsetjast «Blir ikkje tjuven forakta når han stel for å stilla svolten?». Ingen foraktar ein tjuv
når han stel for å stilla svolten.
31 # 6,31 sjudobbelt Etter lova skal tjuven gje fire- eller femdobbelt vederlag (2 Mos 22,1ff; 2 Sam 12,6). Her er det nemnt ei endå større bot. Men blir han gripen, må han bøta sjudobbelt,
han må gje frå seg alt det han har i huset.
32Vitlaus er den som driv hor med ei kvinne,
slikt gjer berre den som vil øydeleggja livet sitt!
33Skam og skade får han,
og ingen stryk ut hans vanære.
34For sjalusi vekkjer harme i mannen,
han viser ingen nåde den dag han tek hemn.
35Bøter bryr han seg ikkje om,
stikk du til han store summar, tek han ikkje imot.

Currently Selected:

Ordtaka 6: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy