YouVersion Logo
Search Icon

Ordtaka 5

5
Ei framand kvinne
1 # 4,20 Son min, gjev akt på min visdom,
vend øyret til mi innsikt,
2så du tek vare på omtanke
og leppene held på kunnskap.
3 # Sal 55,22; Ordt 2,16+ Honning dryp frå leppene til ei framand kvinne,
sleipare enn olje er munnen hennar.
4 # Fork 7,26 Men ettersmaken blir beisk som malurt,
kvass som eit tvieggja sverd.
5 # 2,18+ Føtene hennar stig ned i døden,
beint til dødsriket går hennar steg.
6Ho banar seg ikkje ein veg som gjev liv,
ho vinglar vegvill, men veit det ikkje.
7Og no, høyr på meg, mine søner,
vik ikkje av frå dei orda eg talar!
8Lat vegen din vera langt frå henne,
kom ikkje nær til hennar dør!
9 # 6,34f Elles må du gje di kraft til andre,
dine år til ein nådelaus herre.
10Andre får metta seg av det du eig,
det du vann med ditt strev, går til framand manns hus.
11Så må du stønna når slutten kjem,
når din kropp og ditt kjøt tærest bort
12og du må seia: «Korleis kunne eg hata formaning
og hjartet mitt forakta ord som viste til rette!
13Eg høyrde ikkje på dei som rettleidde meg,
og lytta ikkje til lærarane mine.
14 # 5,14 gått meg ille Utukt fører til offentleg straff og hån. Det var nesten gått meg ille,
og det framfor heile forsamlinga!»
15 # Høgs 4,12.15 Drikk vatn av din eigen brønn,
det som flyt frå di eiga kjelde!
16Skulle kjeldene dine renna ut
som rennande vatn på torga?
17Dei skal vera berre for deg
og ikkje delast med framande.
18 # Fork 9,9 Velsigna vere di eiga kjelde!
Gled deg over din ungdoms kvinne,
19ei lysten hind, ei smidig fjellgeit.
Drikk deg alltid utørst ved hennar bryst,
lat hennar kjærleik stadig gjera deg ør!
20 # 2,16 Kvifor, min son, bli ør av ei anna kvinne,
kvifor ta framand kvinne i famn?
21 # Job 34,21 For Herrens auge ser kvar mannen går,
og gjer alle hans stigar jamne.
22 # Sal 7,17 Den urettferdige blir fanga av si eiga skuld,
syndene held han fast som reip.
23Han døyr fordi han ikkje lét seg formana,
i sin store dumskap fer han vill.

Currently Selected:

Ordtaka 5: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy