YouVersion Logo
Search Icon

Ordtaka 18

18
1Ein einstøing følgjer si eiga lyst,
glefser mot alle kloke råd.
2 # 12,23 Dåren bryr seg ikkje om innsikt,
han vil berre visa kva han tenkjer sjølv.
3Kjem ein urettferdig, kjem forakt,
og med skam følgjer spott.
4 # 20,5 Ein manns ord er som djupt vatn,
og visdomens kjelde er ein bekk som vell fram.
5 # 17,15+; 24,23 Det er gale å halda med ein urettferdig
og driva den rettferdige bort frå retten.
6Dårens lepper valdar strid,
munnen hans ropar etter riset.
7 # 10,19+ Dårens munn blir hans undergang,
leppene blir ei snare for han.
8 # Ordt 26,22 Ord frå ein baktalar er som lekre retter,
dei glid ned i magen.
9Den som forsømer arbeidet sitt,
er bror til den som øydelegg.
10 # Sal 61,4 Herrens namn er eit festningstårn,
dit spring den rettferdige og finn vern.
11 # 10,15 Rikmanns gods er hans faste borg,
i hans tanke er det som ein vernande mur.
12 # 16,18+ Før mannen fell, er han stolt i hjartet,
føre ære går audmjukt sinn.
13Den som svarar før han høyrer,
er dum og haustar skam.
14 # 17,22 Motet held eit menneske oppe i sjukdom,
men mismot, kven kan bera det?
15Eit klokt hjarte kjøper seg kunnskap,
vismenns øyre søkjer kunnskap.
16 # 17,8+ Gåver opnar dører
og gjev tilgang til dei store.
17Den som talar først i ei sak, får rett,
til motparten kjem og spør han ut.
18Loddkasting gjer ende på tretter
og avgjer strid mellom mektige.
19Ein krenkt bror er ein festningsby;
krangel er som bommen på ein borgport.
20 # 12,14 Magen nyt godt av det munnen ber fram,
leppene ber frukt som mettar.
21 # Jak 3,5f Tunga har makt over død og liv,
dei som gjerne bruker henne, får smaka frukta.
22 # 12,4; 19,14 Den som finn ei kone, finn lukka;
han har vunne velvilje hos Herren.
23Den fattige kjem med bøn om nåde,
den rike svarar med harde ord.
24 # 17,17 Det finst vener som skader kvarandre,
men ein sann ven er meir trufast enn ein bror.

Currently Selected:

Ordtaka 18: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy