YouVersion Logo
Search Icon

Ordtaka 17

17
1 # 15,17 Betre er ein tørr brødbit i ro og fred
enn huset fullt av festmat og krangel.
2Ein forstandig slave blir herre over ein duglaus son
og får del i arven med brørne hans.
3 # 1 Kong 8,39; Sal 7,10; 17,3; 26,2; 66,10; 139,23; Ordt 27,21; Jer 11,20; 17,10 Sølv prøver ein i digelen og gull i smelteomnen,
men Herren prøver hjarta.
4Den som gjer vondt, lyttar til vonde tunger,
løgnaren høyrer på skadeleg snakk.
5 # 14,31 Den som spottar den fattige, håner hans skapar,
den som gleder seg over ulukke, slepp ikkje straff.
6 # Sal 128,6 Barneborn er ei krone for dei gamle,
og borna er stolte av fedrane sine.
7Å bruka store ord sømer seg ikkje for ein dåre,
løgn endå mindre for ein stormann.
8 # 18,16; 21,14 Den som gjev stikkpengar, trur han har ein lukkestein,
kvar han vender seg, går det han godt.
9 # 10,12+ Den som dekkjer over eit feilsteg, legg vinn på venskap,
den som ber det vidare, skil ven frå ven.
10Åtvaring bit betre på den kloke
enn hundre slag på dåren.
11Den som er vond, søkjer berre opprør,
men eit nådelaust sendebod kjem imot han.
12Det er betre å møta ei binne som har mista ungane sine,
enn å møta ein dåre i hans dårskap.
13Løner nokon godt med vondt,
vik ulukka aldri frå huset hans.
14Den som byrjar ein krangel, opnar for ein flaum.
Hald opp før tretta bryt laus!
15 # 2 Mos 23,7; 5 Mos 25,1; Jes 5,23 Å frikjenna ein skuldig
og å dømma ein som har rett
Herren avskyr begge delar.
16Kva hjelper pengar i handa på dåren?
Kan han kjøpa visdom når han ikkje har vit?
17Ein ven viser alltid kjærleik,
ein bror er fødd til å hjelpa i naud.
18 # 6,1+ Vitlaus er den som gjev handslag
og kausjonerer for nesten sin.
19 # 18,12 Den som likar trette, likar synd;
den som gjer døra høg, søkjer samanbrot.
20Eit falskt hjarte finn ikkje det gode,
ei svikefull tunge fører i ulukke.
21 # 10,1+ Sorg får den som har ein dåre til son,
far til ein narr har inga glede.
22 # 14,30 Glede i hjartet gjev god helse,
mismot tærer på kroppen.
23 # 2 Mos 23,6ff; 3 Mos 19,15; 5 Mos 16,19; Ordt 15,27 Den urettferdige tek imot gåver frå lomma
for å vrengja rettens veg.
24Den kloke har visdom for auge,
dårars blikk flakkar til enden av jorda.
25 # 10,1+ Ein uvitug son gjer far sin sint,
er til beisk sorg for henne som fødde han.
26Det er gale å gje ein rettferdig bøter,
verre å slå stormenn fordi dei er rettskafne.
27 # 10,19+ Klok er den som sparer på orda,
den forstandige held hovudet kaldt.
28 # Job 13,5 Sjølv den dumme blir rekna for vis når han teier,
og klok så lenge han held munn.

Currently Selected:

Ordtaka 17: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy