YouVersion Logo
Search Icon

4. Mosebok 36

36
Lov om arv og ekteskap for døtrer
1 # 26,29 Leiarane for familiane i slekta til Gilead kom fram. Gilead var son til Makir, Manasses son, og høyrde til Josef-slektene. Dei tok til orde framfor Moses og leiarane, overhovuda for familiane blant israelittane, 2#26,55f; 27,6f; Jos 17,3ff og sa: Herren påla deg, herre, å fordela landet mellom israelittane ved loddkasting. Og du, herre, er òg pålagd av Herren at du skal la døtrene til Selofhad, bror vår, få eigedomen etter far sin. 3Men blir dei gifte med menn frå dei andre stammane i Israel, blir arven deira teken frå eigedomen som fedrane våre eigde, og lagd til den stammen dei no skal tilhøyra. Han blir teken bort frå den eigedomen vi fekk ved loddkasting. 4#3 Mos 25,10ff#36,4 ettergjevingsåret >3 Mos 25,10. Når frigjevingsåret kjem hos israelittane, blir arven til døtrene lagd til eigedomen i den stammen dei høyrer til. Han blir teken frå den eigedomen som stammen til fedrane våre fekk.
5Då påla Moses israelittane dette, på Herrens ord: «Det er rett det som Josef-stammen seier. 6Dette er det påbodet Herren gjev døtrene til Selofhad: Dei kan gifta seg med den dei sjølve synest om, berre dei gifter seg inn i ei slekt som kjem frå stammen til deira eigne fedrar. 7Ingen eigedom hos israelittane skal gå over frå ein stamme til ein annan. Kvar israelitt skal halda fast på arven frå stammen til fedrane sine. 8Ei dotter som arvar jord i ein av Israel-stammane, må gifta seg inn i ei slekt som kjem frå stammen til hennar eigen far. Slik skal alle israelittar arva jord etter fedrane sine. 9Såleis skal ingen eigedom gå over frå ein stamme til ein annan. For kvar stamme i Israel skal halda fast på sin arv.»
10Døtrene til Selofhad gjorde som Herren hadde pålagt Moses. 11Mahla, Tirsa, Hogla, Milka og Noa, alle døtrene til Selofhad, gifte seg med syskenborna sine. 12Dei fekk menn frå slektene etter Manasse, son til Josef. Slik kom eigedomen deira til å følgja den stammen og den slekta fedrane deira høyrde til.
13Dette er dei bod og forskrifter som Herren påla israelittane gjennom Moses på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko.

Currently Selected:

4. Mosebok 36: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy