YouVersion Logo
Search Icon

4. Mosebok 35

35
Levittane får byar og beitemarker
1 Herren tala til Moses på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko. Han sa: 2Du skal gje israelittane påbod om å gje levittane noko av sin eigedom til arv. De skal gje levittane byar å bu i og beitemarker kring desse byane. 3I byane skal dei bu, og markene som høyrer til, skal vera til beite for buskapen deira, alle dyra dei eig. 4#35,4 1000 alner ca. 500 m. Dei markene de gjev levittane utanfor byane, skal nå tusen alner ut frå bymuren på alle kantar. 5Utanfor byen skal de måla opp to tusen alner på austsida, to tusen alner på sørsida, to tusen alner på vestsida og to tusen alner på nordsida, så byen ligg midt imellom. Det skal vera bymarkene deira.
6 # 2 Mos 21,13; 5 Mos 4,41ff; 19,2ff; Jos 20,2ff # 35,6 fribyane Jf. v. 9ff og Jos 20–21. Byane som de lèt levittane få, skal vera dei seks fribyane de set av så drapsmenn kan rømma dit; dessutan skal de gje dei førtito andre byar. 7I alt skal de gje levittane førtiåtte byar med beitemarker. 8#Jos 21,3–42 Når de tek desse byane av eigedomen til israelittane og gjev dei, skal de ta meir frå dei store og mindre frå dei små stammane. Kvar stamme skal gje levittane byar etter som dei har fått land til eige.
Lov om drapsmenn og fristader
9 Herren sa til Moses: 10#5 Mos 19,1–13 Tal til israelittane og sei til dei: Når de går over Jordan og inn i landet Kanaan, 11skal de velja ut nokre byar som skal vera fribyar for dykk. Dit kan ein drapsmann rømma om han har slege einkvan i hel av vanvare. 12Desse byane skal vera fristader for den som rømmer for blodhemnaren, så drapsmannen ikkje skal døy før han har stått til rette for forsamlinga og fått sin dom. 13Seks av dei byane som de gjev levittane, skal vera fribyar. 14Tre av byane skal de ta på den andre sida av Jordan og tre i Kanaan. Dei skal vera fribyar. 15Både for israelittar og for innflyttarar og framande som bur mellom dykk, skal desse seks byane vera fristader, så den som av vanvare har drepe nokon, kan rømma dit.
16 # 2 Mos 21,12; 3 Mos 24,17 Om nokon tek ein jernreiskap og slår ein annan i hel, er han ein drapsmann, og drapsmannen skal straffast med døden. 17Tek nokon ein stein som er stor nok til å drepa med, og slår ein mann i hel, då er han ein drapsmann, og drapsmannen skal straffast med døden. 18Eller tek han ein reiskap av tre som ein kan drepa med, og slår ein mann i hel, då er han ein drapsmann, og drapsmannen skal straffast med døden.
19Det er blodhemnaren som skal slå drapsmannen i hel. Når han finn han, skal han drepa han. 20På same måten skal det vera om nokon hatar ein annan og støyter til han eller kastar eitkvart på han med vilje så han døyr, 21eller i fiendskap slår han med neven så han døyr. Då skal den som slo, straffast med døden. Han er ein drapsmann, og blodhemnaren skal slå drapsmannen i hel når han finn han.
22Så kan det henda at nokon brått støyter til ein mann utan fiendskap eller kastar eitkvart på han utan vond vilje. 23Eller kanskje han ikkje ser den andre og råkar han med ein stein som er stor nok til å drepa med, så han døyr, endå mannen ikkje var hans fiende og ikkje ville han noko vondt. 24Då skal forsamlinga dømma mellom drapsmannen og blodhemnaren etter desse forskriftene: 25Forsamlinga skal berga drapsmannen frå blodhemnaren og føra han tilbake til den fribyen han hadde rømt til. Der skal han vera til øvstepresten er død, han som er salva med heilag olje. 26Men kjem drapsmannen nokon gong utom den fribyen han har rømt til, 27og blodhemnaren finn han der utanfor bygrensene og slår han i hel, då har han inga blodskuld. 28For drapsmannen skal halda seg i fristaden sin til øvstepresten døyr. Når øvstepresten er død, kan han fara heim att til den jorda han eig. 29Dette skal gjelda for lov og rett hos dykk gjennom alle slekter, kvar de så bur.
30 # 5 Mos 17,6; 19,15; 2 Kor 13,1; Hebr 10,28 Når nokon slår i hel eit menneske, skal drapsmannen drepast så sant det er vitne mot han. Men ingen skal døy etter éin manns vitnemål. 31De skal ikkje ta imot løysepengar for å berga livet til ein drapsmann som er skuldig til å døy. Han skal straffast med døden. 32De skal ikkje ta imot løysepengar for ein som har rømt til ein fristad, slik at han kan venda heim att og bu i landet før øvstepresten er død.
33 # 1 Mos 4,10; 9,6+; 2 Sam 21,1ff; Sal 106,38; Hos 4,2f; Hebr 12,24 De skal ikkje vanhelga det landet de bur i, for blod vanhelgar landet. Og landet får ikkje soning for det blodet som har runne der, utan ved blodet til den som auste ut blod. 34#2 Mos 29,45; 3 Mos 26,11 De skal ikkje gjera det landet de bur i, ureint. For der har eg min bustad. Eg er Herren, som bur midt imellom israelittane.

Currently Selected:

4. Mosebok 35: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy