YouVersion Logo
Search Icon

4. Mosebok 20

20
Vatn frå berget
1Så kom heile forsamlinga av israelittar til Sin-ørkenen. Det var i den første månaden, og dei slo seg ned i Kadesj. Der døydde Mirjam, og der vart ho gravlagd.
2 # 2 Mos 17,1–7 Men det var ikkje vatn til dei, og dei slo seg saman mot Moses og mot Aron. 3#16,33ff Folket tretta med Moses og sa: «Gjev vi hadde omkome då brørne våre omkom for Herrens andlet! 4Kvifor har de ført Herrens forsamling ut i denne ørkenen så vi må døy her, både vi og feet vårt? 5Kvifor førte de oss opp frå Egypt når de lét oss koma til denne elendige staden, ein stad der det korkje finst korn eller fiken, vinstokk eller granateple, og ikkje vatn å drikka?»
6 # 12,5 Moses og Aron gjekk bort frå forsamlinga til opninga i teltheilagdomen. Der kasta dei seg ned med andletet mot jorda. Då synte Herrens herlegdom seg for dei, 7og Herren sa til Moses: 8«Ta staven og kall forsamlinga saman, du og Aron, bror din. De skal tala til berget for auga på dei. Då skal det gje frå seg vatn. Du skal få vatn til å strøyma ut til dei frå berget. Slik skal du la folk og buskap få drikka.»
9Moses tok staven som låg for Herrens andlet, slik han hadde pålagt han. 10#Sal 106,33 Han og Aron kalla forsamlinga saman framfor berget og sa til dei: «Høyr no, de opprørarar! Trur de at vi kan få vatn til å strøyma ut til dykk frå dette berget?» 11#2 Mos 17,6ff; Sal 78,15f; 105,41; Jes 48,21 Så lyfte Moses handa og slo to gonger på berget med staven sin. Då fossa vatnet fram, og både folket og buskapen deira drakk.
12 # 27,13f; 5 Mos 1,37; 3,26; 4,21; 32,49f; 34,4; Sal 106,32 Men Herren sa til Moses og Aron: «De trudde ikkje på meg og helga meg ikkje for auga på israelittane. Difor skal de ikkje få føra denne forsamlinga inn i det landet eg har gjeve dei.»
13 # 2 Mos 17,7 # 20,13 Meriba hebr. for «strid», «trette». Jf. 27,14. Dette var Meriba-kjelda, der israelittane tretta med Herren, og der han viste at han er heilag.
Israel får ikkje fara gjennom Edom
14 # 1 Mos 25,25f; Dom 11,17 Frå Kadesj sende Moses bodberarar til kongen i Edom: «Så seier Israel, bror din: Du veit kor mange vanskar vi har møtt. 15#2 Mos 1,13f Fedrane våre drog ned til Egypt, og vi budde i Egypt i lang tid. Men egyptarane mishandla oss og fedrane våre. 16#2 Mos 14,19; 23,20.23 Då ropa vi til Herren, og han høyrde ropa våre. Han sende ein engel og førte oss ut frå Egypt. Sjå, no er vi i Kadesj, ein by som ligg nær grensa til landet ditt. 17Lat oss få fara gjennom landet ditt! Vi skal ikkje gå gjennom åkrar eller vinmarker og ikkje drikka vatn or brønnane. Vi skal følgja kongsvegen og ikkje ta av korkje til høgre eller til venstre før vi har kryssa landområdet ditt.»
18Men svaret frå Edom var: «Du får ikkje dra gjennom hos meg. Gjer du det, kjem eg ut og møter deg med sverd.» 19Då sa israelittane til han: «Vi vil følgja hovudvegen, og dersom eg eller buskapen min drikk av vatnet som høyrer deg til, skal eg betala for det. Det er inga stor sak, eg vil berre få dra gjennom landet til fots.» 20Men han svara: «Du får ikkje dra gjennom!» Og Edom drog ut mot dei med ein velvæpna hær og med sterk hand. 21#Dom 11,18 Edom nekta israelittane å fara gjennom landet hans, og Israel bøygde av.
Aron døyr
22 # 33,37 Så braut dei opp frå Kadesj, og heile Israels forsamling kom til Hor-fjellet. 23Herren tala til Moses og Aron på Hor-fjellet, ved grensa mot Edom-landet. Han sa: 24«No skal Aron bli sameina med folket sitt. Han får ikkje koma inn i det landet eg har gjeve israelittane, for de sette dykk opp mot det eg sa ved Meriba-kjelda. 25Ta Aron og Elasar, son hans, og før dei opp på Hor-fjellet. 26#2 Mos 28,2ff; 29,5ff Ta prestekleda av Aron og kle dei på Elasar, son hans! For der skal Aron bli sameina med folket sitt og døy.»
27Moses gjorde som Herren hadde pålagt han. Medan heile forsamlinga såg på, steig dei opp på Hor-fjellet. 28#33,38; 5 Mos 10,6 Moses tok prestekleda av Aron og kledde Elasar, son hans, med dei. Så døydde Aron der oppe på toppen av fjellet. Då Moses og Elasar kom ned att, 29#5 Mos 34,8 skjøna heile forsamlinga at Aron var død. Og heile Israels hus gret over Aron i tretti dagar.

Currently Selected:

4. Mosebok 20: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy