YouVersion Logo
Search Icon

4. Mosebok 19

19
Ureinskap og reinsingsvatn
1 Herren sa til Moses og Aron: 2#5 Mos 21,3; Hebr 9,13 Dette er eit lovbod som Herren har gjeve: Sei til israelittane at dei skal koma til deg med ei raud kvige som er utan feil, ei som ikkje har hatt åk på seg. 3Den skal de gje til presten Elasar. Så skal ho førast utanfor leiren og slaktast medan han ser på. 4#3 Mos 4,6.17 Presten Elasar skal ta noko av blodet hennar på fingeren og skvetta det sju gonger mot framsida av teltheilagdomen. 5#2 Mos 29,14 Så skal kviga brennast medan han ser på. Både huda, kjøtet, blodet og mageinnhaldet skal brennast. 6#3 Mos 14,4.6.51 Presten skal ta sedertre, isop og karmosinraud ull og kasta det på elden der kviga blir brend. 7Sidan skal han vaska kleda sine og bada kroppen i vatn, og så kan han koma inn i leiren. Men han skal vera urein heilt til kvelds. 8Den mannen som har brent kviga, skal òg vaska kleda sine i vatn og bada kroppen i vatn, og han skal vera urein heilt til kvelds.
9Ein mann som er rein, skal samla opp oska av kviga og leggja henne på ein rein stad utanfor leiren. Der skal ho gøymast for forsamlinga av israelittar og brukast i reinsingsvatn. Det er eit syndoffer. 10Den som samlar opp oska av kviga, skal vaska kleda sine og vera urein heilt til kvelds. Dette skal vera ei evig forskrift for israelittane og for innflyttaren som bur mellom dei.
11 # 31,19 Den som rører ved liket av eit menneske, skal vera urein i sju dagar. 12Han skal reinsa seg på den tredje og den sjuande dagen, så han blir rein. Reinsar han seg ikkje den tredje og den sjuande dagen, blir han ikkje rein. 13Kvar den som rører ved eit lik, eit dødt menneske, og ikkje reinsar seg for synd, gjer Herrens bustad urein og skal ryddast ut av Israel. Sidan det ikkje er stenka reinsingsvatn på han, er han urein. Ureinskapen heng framleis ved han.
14Dette seier lova: Når eit menneske døyr i eit telt, skal alle som kjem inn i teltet, og alle som er i det, vera ureine i sju dagar. 15Og kvart ope kar som det ikkje er lagt lok på, er ureint. 16Kvar den som er ute på marka og rører ved ein som er fallen for sverd eller ein som har døydd på annan måte, eller rører ved eit menneskebein eller ei grav, skal vera urein i sju dagar. 17Når dei vil reinsa den ureine, skal dei ta noko av oska etter syndofferet som er brent, ha henne opp i eit kar og slå friskt vatn over. 18Ein mann som er rein, skal ta isop og dyppa i vatnet. Så skal han skvetta det på teltet, på alle tinga og menneska som var der, og på han som rørte ved eit bein eller ved ein som var drepen eller var død på annan måte, eller rørte ved ei grav. 19Den som er rein, skal skvetta det på den ureine den tredje og den sjuande dagen. Når den ureine blir rein på den sjuande dagen, skal han vaska kleda sine og bada i vatn. Om kvelden er han rein. 20Den som har vorte urein og ikkje reinsar seg, skal støytast ut frå forsamlinga. For han har gjort Herrens heilagdom urein. Sidan det ikkje er stenka reinsingsvatn på han, er han urein.
21Dette skal vera ei evig forskrift for dei. Den som skvette reinsingsvatnet, skal vaska kleda sine. Om nokon rører ved reinsingsvatnet, skal han vera urein heilt til kvelds. 22Alt det den ureine rører ved, blir ureint. Og den som rører ved det ureine, skal vera urein heilt til kvelds.

Currently Selected:

4. Mosebok 19: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy