YouVersion Logo
Search Icon

Markus 7

7
Menneskebod og Guds bod
(Matt 15,1–20)
1Farisearane og nokre skriftlærde som var komne frå Jerusalem, samla seg om Jesus. 2#Luk 11,38 Då la dei merke til at nokre av læresveinane hans åt med ureine hender, det vil seia utan å skylja dei. 3#7,3 litt vatn =heilag og rein. overleveringa frå dei gamle den munnlege lova som vart ført vidare frå dei store lovlærarane. =overlevering. For farisearane og alle andre jødar heller litt vatn over hendene før dei et. Slik held dei fast ved overleveringa frå dei gamle. 4#Matt 23,25#7,4 når dei … torget Å koma nær ulike varer og menneske førte lett til at ein vart smitta av rituell ureinleik. Jf. Esek 4,14; Luk 2,22; Joh 11,55; Apg 10,14. =heilag og rein. Og når dei kjem frå torget, et dei ikkje noko utan å ha teke eit reinsingsbad. Dei har òg mange andre skikkar som dei har overteke og held fast på, så som å dyppa skåler og krus og kjelar i vatn. 5Difor spurde farisearane og dei skriftlærde han: «Kvifor følgjer ikkje læresveinane dine overleveringa frå dei gamle, men et med vanheilage hender?» 6#Jes 29,13 Då sa Jesus: «Jesaja profeterte rett om dykk, hyklarar, slik det står skrive:
Dette folket ærar meg med leppene,
men hjartet er langt borte frå meg.
7 Fåfengt dyrkar dei meg,
for det dei lærer, er menneskebod.
8De har forlate Guds bod, men held fast på overleveringa frå menneske.»
9Og han sa til dei: «Ja, de fer fint fram! De set Guds bod ut av kraft så dykkar eiga overlevering kan gjelda! 10#2 Mos 20,12; 21,17 Moses har sagt: ‘Æra far din og mor di’, og: ‘Den som talar vondord mot far sin eller mor si, skal døy’. 11#7,11 korban hebr. ord for «tempelgåve», brukt når ein gav eigedom over til religiøs bruk. Jf. 3 Mos 27. Men de godkjenner likevel at nokon seier til far sin eller mor si: ‘Den hjelpa du skulle hatt frå meg, skal vera ein korban’ – det er ei gåve til tempelet. 12Då lèt de han ikkje få gjera noko for far eller mor. 13Slik set de Guds ord til sides av omsyn til den overleveringa de har gjeve vidare. Og slikt gjer de mykje av.»
14Så kalla han folket saman att og sa: «Høyr på meg alle, og forstå! 15Ikkje noko av det som kjem inn i mennesket utanfrå, kan gjera det ureint. Nei, det er det som går ut av mennesket, som gjer mennesket ureint. 16#7,16 Den som … høyr Verset manglar i nokre av dei eldste handskriftene. {{Den som har øyre å høyra med, høyr!}}»
17Då han var komen i hus, bort frå folket, spurde læresveinane han om likninga. 18«Forstår de ikkje noko, de heller?» sa han. «Skjønar de ikkje at ingen ting av det som kjem inn i mennesket utanfrå, kan gjera det ureint? 19#Kol 2,16.21f#7,19 Dermed … mat er rein =heilag og rein. Det kjem då ikkje inn i hjartet, men fer ned i magen og ut dit det skal.» Dermed slo han fast at all mat er rein. 20Og han la til: «Det er det som går ut av mennesket, som gjer mennesket ureint. 21#Matt 15,19; Rom 1,29; 13,13; 1 Kor 5,10f; 6,9f; 2 Kor 12,20; Gal 5,19ff; Ef 5,3ff; Kol 3,5ff; 1 Tim 1,9f; 2 Tim 3,2ff For innanfrå, frå menneskehjartet, kjem dei vonde tankane: hor, tjuveri, mord, 22ekteskapsbrot, eigesjuke, vondskap, svik, utukt, misunnelege auge, spott, hovmod, vitlaus ferd. 23All denne vondskapen kjem innanfrå og gjer mennesket ureint.»
Kvinna frå Fønikia
(Matt 15,21–28)
24 # 7,24 Tyros-området >3,8. Så tok han ut derifrå og fór til Tyros-området. Der gjekk han inn i eit hus og ville ikkje at nokon skulle vita det. Men det kunne ikkje haldast løynt. 25Ei kvinne der på staden hadde ei dotter som hadde ei urein ånd i seg. Då ho fekk høyra om Jesus, kom ho straks og kasta seg ned for føtene hans. 26#7,26 syrisk-fønikisk om folk frå kystområdet langs Middelhavet nordvest for Galilea. Fønikia høyrde i nytestamentleg tid til den romerske provinsen Syria. Denne kvinna var gresktalande, av syrisk-fønikisk ætt. Og ho bad han driva den vonde ånda ut av dotter hennar. 27Men Jesus sa til henne: «Lat først borna få eta seg mette. Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.» 28«Det er sant, Herre», svara ho, «men hundane under bordet et då smulane etter borna.» 29Då sa han til henne: «Fordi du sa dette, seier eg deg: Gå heim, den vonde ånda har fare ut av dotter di.» 30Då ho kom heim, fann ho barnet liggjande på senga. Den vonde ånda hadde fare ut.
Den døve som hadde vondt for å tala
31 # Matt 15,29 # 7,31 Sidon >3,8 Galileasjøen >1,16 Dekapolis >5,20. Sidan drog Jesus bort att frå Tyros-området. Han tok vegen om Sidon og drog mot Galileasjøen gjennom Dekapolis-landet. 32#5,23+ Der førte dei til han ein mann som var døv og hadde vondt for å tala, og dei bad han leggja hendene på han. 33#7,33 tok spytt … hans Bruk av spytt var vanleg i folkeleg lækjekunst i både den gresk-romerske og den jødiske verda. Jf. 8,23. Jesus tok han med seg bort frå folket. Han stakk fingrane sine i øyra hans, tok spytt og rørte ved tunga hans. 34#7,34 Effata aram. ord. Jf. 5,41. Så såg han opp mot himmelen, sukka og sa til han: «Effata!» – det tyder: «Lat deg opp!» 35Med det same vart øyra hans opna, og bandet som batt tunga hans, vart løyst så han tala reint. 36#1,44+ Jesus forbaud dei å seia det til nokon. Men di meir han forbaud det, di meir gjorde dei det kjent. 37#Jes 35,5f; Matt 15,31 Folk undra seg storleg og sa: «Alt han har gjort, er godt. Han får døve til å høyra og stumme til å tala.»

Currently Selected:

Markus 7: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy