Markus 6
6
Jesus blir avvist på heimstaden
(Matt 13,53–58; Luk 4,16–30)
1Sidan gjekk han derifrå og kom til heimstaden sin, og læresveinane følgde han. 2Då sabbaten kom, tok han til å undervisa i synagogen. Mange som høyrde han, var fulle av undring og sa: «Kvar har han dette frå? Kva er det for ein visdom han har fått? Og slike mektige gjerningar som han gjer! 3#Matt 12,46; Joh 2,12; 6,42; 7,5; Apg 1,14 Er ikkje dette tømmermannen, son til Maria og bror til Jakob og Joses og Judas og Simon? Og bur ikkje systrene hans her hos oss?» Og dei vart forarga og avviste han. 4#Joh 4,44 Men Jesus sa til dei: «Ein profet blir ikkje vanvørd andre stader enn på heimstaden sin, hos slektningane sine og i sitt eige hus.» 5#5,23+ Han kunne ikkje gjera noka mektig gjerning der; han berre la hendene på nokre få sjuke og lækte dei. 6Og han undra seg over at dei var så vantruande.
Så drog han rundt i landsbyane der omkring og underviste.
Jesus sender ut apostlane
(Matt 10,1.9–15; Luk 9,1–6)
7 # Luk 10,1 Jesus kalla til seg dei tolv og tok til å senda dei ut, to og to, og gav dei makt over dei ureine åndene. 8Han sa til dei at dei ikkje skulle ta noko anna med seg på vegen enn ein stav – ikkje brød, ikkje veske, ikkje koparmyntar i beltet. 9#6,9 ikkje … meir enn éin kjortel den grove ytterkjortelen. Dei skulle ha sandalar på føtene, men ikkje ha på seg meir enn éin kjortel. 10Og han sa til dei: «Når de har teke inn i eit hus, så ver der til de fer vidare. 11#Apg 13,51#6,11 rista støvet av føtene symbolsk handling som uttrykk for at ein gjorde slutt på fellesskapet med nokon. Jf. Neh 5,13; Luk 10,11; Apg 13,51. Og er det nokon stad dei ikkje tek imot dykk og ikkje vil høyra på dykk, skal de fara derifrå og rista støvet av føtene. Det skal vera eit vitnemål mot dei.»
12Så tok dei ut og forkynte for folket at dei skulle venda om. 13#6,13 salva … med olje den einaste staden i evangelia der salving av sjuke er omtala. Olivenolje kunne brukast konkret som lækjemiddel ved sårbehandling (Jes 1,6; Luk 10,34) og som symbol for livgjevande krefter, t.d. ved forbøn for sjuke. Jf. Jak 5,14f. Dei dreiv ut mange vonde ånder og salva mange sjuke med olje og lækte dei.
Herodes og døyparen Johannes
(Matt 14,1–12; Luk 9,7–9; 3,19–20)
14 # 6,14 Kong Herodes Herodes Antipas, son til Herodes den store. Styrte Galilea og Perea i 4 f.Kr.–39 e.Kr. =Herodes-slekta. Kong Herodes fekk òg høyra om Jesus, for no var namnet hans vide kjent. Somme sa: «Døyparen Johannes er reist opp frå dei døde. Difor er desse kreftene verksame i han.» 15#Matt 16,14; 21,11; Luk 7,16; 24,19; Joh 4,19; 9,17#6,15 Elia Ifølgje Mal 4,5 skulle Elia openberra seg i dei siste tider for å gje menneska høve til omvending. Andre sa: «Han er Elia», og endå andre: «Han er ein profet, som ein av dei gamle profetane.» 16Men då Herodes høyrde det, sa han: «Det er Johannes, han som eg lét halshogga. Han er vekt opp att.»
17For Herodes hadde sendt ut folk for å gripa Johannes, kasta han i fengsel og binda han. Dette gjorde han for Herodias' skuld. Henne hadde Herodes gift seg med, endå ho var kona til Filip, bror hans. 18#3 Mos 18,16; 20,21 Og Johannes hadde sagt til han: «Du har ikkje lov til å ha kona til bror din.» 19Difor var Herodias ute etter han og ville få han drepen, men ho greidde det ikkje. 20For Herodes hadde respekt for Johannes; han visste at han var ein rettferdig og heilag mann, og han heldt si hand over han. Når han høyrde Johannes, vart han uroleg og rådvill. Likevel høyrde han gjerne på han.
21Men så baud det seg eit høve: På åremålsdagen sin heldt Herodes eit festmåltid for stormennene sine og for offiserane og dei fremste i Galilea. 22Då kom dotter til Herodias inn og dansa. Herodes og gjestene vart så oppglødde over dette at kongen sa til jenta: «Be meg om kva du vil, så skal eg gje deg det.» 23#Est 5,3 Han svor på det og sa: «Kva du enn bed meg om, skal du få, om det så er halve kongeriket mitt.» 24Ho gjekk ut og spurde mor si: «Kva skal eg be om?» «Hovudet til døyparen Johannes», svara ho. 25Straks skunda ho seg inn til kongen og bar fram ønsket sitt: «Eg vil at du no med det same skal gje meg hovudet til døyparen Johannes på eit fat.» 26Kongen vart svært sorgfull, men fordi han hadde svore, og av omsyn til gjestene, ville han ikkje seia nei til henne. 27Han sende straks ein bøddel i veg med bod om å henta hovudet til Johannes. Bøddelen gjekk og hogg hovudet av Johannes i fengselet. 28Så kom han med hovudet på eit fat og lét jenta få det, og ho gav det til mor si.
29Då læresveinane hans fekk høyra dette, kom dei og henta liket og la det i ei grav.
Jesus mettar fem tusen
(Matt 14,13–21; Luk 9,10–17; Joh 6,1–13)
30Apostlane samla seg atter hos Jesus og fortalde han om alt dei hadde gjort, og alt dei hadde lært folket. 31#3,20 Då sa han til dei: «Kom med meg til ein aud stad der vi kan vera åleine, og kvil dykk litt!» For det var så mange som kom og gjekk at dei fekk ikkje tid til å eta eingong.
32Så drog dei ut med båten til ein aud stad for å vera for seg sjølve. 33Men mange såg at dei drog bort, og kjende dei att, og frå alle byane kom folk springande og nådde fram før dei. 34#6,34 fekk inderleg medkjensle >1,41. Då Jesus steig i land, fekk han sjå ei stor folkemengd. Han fekk inderleg medkjensle med dei, for dei var som sauer utan gjetar. Og han gav seg til å undervisa dei om mange ting.
35Men då det leid langt på dag, kom læresveinane til han og sa: «Dette er ein aud stad, og dagen lid. 36Send folket frå deg, så dei kan gå bort i grendene og landsbyane her omkring og kjøpa seg noko å eta.» 37#6,37 denarar Ein denar svara til ei vanleg dagløn. =mynt. «De skal gje dei mat!» svara Jesus. Dei sa: «Skal vi gå og kjøpa brød for to hundre denarar, så dei kan få seg mat?» 38«Kor mange brød har de?» spurde han. «Gå og sjå etter!» Då dei hadde gjort det, sa dei: «Fem brød og to fiskar.» 39Då sa han at dei skulle la alle setja seg saman i matlag i det grøne graset. 40#2 Mos 18,21.24#6,40 rad Ordet tyder konkret «blomebed», «hagebed», og gjev eit bilete av «langbord-grupper». Og dei slo seg ned, rad på rad – somme på hundre og somme på femti. 41Så tok Jesus dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna. Og han braut brødet og gav det til læresveinane, så dei skulle by rundt til folket. Dei to fiskane delte han òg ut, så alle fekk. 42Og alle åt og vart mette. 43Etterpå samla dei opp det som var att av brøda og fiskane, og det vart tolv fulle korger. 44Det var fem tusen menn som hadde fått mat.
Jesus går på vatnet
(Matt 14,22–33; Joh 6,16–21)
45Straks etter nøydde Jesus læresveinane til å gå i båten og fara føre over til andre sida, til Betsaida, medan han sjølv sende folket av stad. 46#1,35+ Då han hadde teke farvel, gjekk han opp i fjellet for å be.
47Då kvelden kom, var båten midt ute på sjøen, og Jesus var åleine på land. 48#6,48 den fjerde nattevakta dei tre siste timane før soloppgang. =tidsrekning. Han såg at dei sleit og rodde tungt, for dei hadde vinden imot seg. I den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen. Han ville gå framom, 49men då dei såg han gå på vatnet, trudde dei at det var eit gjenferd, og skreik høgt, 50#6,50 Det er eg kan òg omsetjast «Eg er». =Jesu titlar. for alle såg han og vart gripne av redsle. Men i det same tala Jesus til dei: «Ver ved godt mot! Det er eg, ver ikkje redde!» 51#4,39 Så steig han opp i båten til dei, og vinden stilna. Men dei var reint ifrå seg av undring. 52#8,17 For dei hadde ikkje teke lærdom av det som hadde hendt med brøda, så harde var hjarta deira.
Sjuke blir borne til Jesus
(Matt 14,34–36)
53Då dei hadde fare over sjøen, kom dei til Gennesaret og la til lands der. 54Straks dei steig ut av båten, kjende folk han att, 55og dei sprang rundt i heile nabolaget og tok til å bera dei sjuke på bårer dit dei høyrde at han var. 56#3,10; 5,27f#6,56 dusken på kappefliken Duskane i dei fire hjørna av kappa skulle vera ei påminning om å leva etter Herrens bod. Jf. 4 Mos 15,37–41; 5 Mos 22,12. Kvar han enn kom, til landsbyar, byar eller grender, sette folk dei sjuke ut på torget. Og dei bad om at dei i det minste måtte få røra ved dusken på kappefliken hans. Og alle som tok i han, vart friske.
Currently Selected:
Markus 6: N11NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).