YouVersion Logo
Search Icon

3. Mosebok 14

14
Reinsing for hudsjukdom
1 Herren sa til Moses: 2#Matt 8,4; Luk 17,14 Dette er lova om reinsingsdagen for den som er ramma av hudsjukdom: Han skal førast til presten, 3og presten skal gå ut av leiren og undersøkja han. Dersom den som er ramma av sjukdomen, har vorte lækt, 4skal presten få nokon til å henta to levande, reine fuglar, litt sedertre, karmosinraud ull og isop til reinsinga av han. 5Presten skal la dei slakta den eine fuglen over eit leirkar som er fylt med friskt vatn. 6Så skal han ta den levande fuglen, sedertreet, den karmosinraude ulla og isopen og dyppa alt saman, også den levande fuglen, i blodet av den fuglen som er slakta over det friske vatnet, 7og skvetta det sju gonger på den som skal reinsast for hudsjukdom. Slik skal han reinsa han. Så skal han sleppa den levande fuglen fri på open mark. 8Den som skal reinsast, skal vaska kleda sine, barbera av seg alt håret og bada. Då er han rein. Sidan kan han få koma inn i leiren. Men han skal halda seg utanfor teltet sitt i sju dagar. 9På den sjuande dagen skal han barbera alt håret sitt, hovudet, skjegget og augnebryna, alt håret skal han barbera av seg. Og han skal vaska kleda sine og seg sjølv i vatn. Då er han rein.
10 # 14,10 ein log ca. 0,5 l. Den åttande dagen skal han ta to feilfrie vêrlam og eit årsgammalt, feilfritt holam og til grødeoffer tre tiandedels mål fint mjøl blanda med olje, og så ein log olje. 11Presten som står for reinsinga, skal føra den som skal reinsast og offergåvene hans fram for Herrens andlet, til inngangen til teltheilagdomen. 12#14,12 svinga >7,30. Så skal presten ta det eine vêrlammet og den logen olje som høyrer til, og bera det fram som skuldoffer og svinga det for Herrens andlet. 13#7,1ff Han skal slakta lammet på den staden der dei slaktar syndofferet og brennofferet, på den heilage staden. For det er med skuldofferet som med syndofferet: Det høyrer presten til. Det er høgheilagt. 14#8,23ff Presten skal ta noko av blodet frå skuldofferet og stryka på den som skal reinsast, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans. 15Presten skal ta noko av den oljen som høyrer til, og hella ut i den venstre handa si, 16dyppa høgre peikefingeren i oljen som han har i venstre handa, og skvetta litt av oljen med fingeren sju gonger for Herrens andlet. 17Noko av den oljen som er att i handa, skal han stryka på den som skal reinsast, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans, over blodet av skuldofferet. 18Resten av oljen som presten har i handa, skal han smørja på hovudet til den som skal reinsast. Såleis skal presten gjera soning for han for Herrens andlet. 19Så skal presten bera fram syndofferet og gjera soning for den som skal reinsast for ureinskapen sin. Sidan skal han slakta brennofferet. 20Og presten skal bera fram brennofferet og grødeofferet på altaret og gjera soning for han. Då er han rein.
21Men er det ein fattig mann som ikkje har råd til så mykje, skal han ta eit vêrlam til skuldoffer. Det skal svingast til soning for han. Saman med det skal han ta ein tiandedels mål fint mjøl blanda med olje til grødeoffer, og ein log olje, 22#5,7; 12,8 og så to turtelduer eller to dueungar, etter som han har råd til. Den eine skal vera til syndoffer og den andre til brennoffer. 23Den åttande dagen etter at han har vorte rein, skal han koma med desse offergåvene til presten, til inngangen til teltheilagdomen, for Herrens andlet. 24Presten skal ta skuldofferlammet og den oljen som høyrer til, og presten skal svinga det som eit svingeoffer for Herrens andlet. 25Når skuldofferlammet er slakta, skal presten ta noko av blodet frå skuldofferet og stryka på den som skal reinsast, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans. 26Presten skal hella noko av oljen ut i den venstre handa si, 27og med høgre peikefingeren skal presten skvetta litt av oljen som han har i den venstre handa, sju gonger for Herrens andlet. 28Noko av oljen som presten har i handa, skal han stryka på den som skal reinsast, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans, på dei stadene der blodet av skuldofferet er. 29Resten av oljen som presten har i handa, skal han smørja på hovudet til den som skal reinsast. Såleis skal han gjera soning for han for Herrens andlet. 30Så skal han gjera i stand den eine av turtelduene eller dueungane, etter som han har råd til, 31den eine som syndoffer og den andre som brennoffer, etter som han har råd til, og saman med dei grødeofferet. Såleis skal presten gjera soning for den som skal reinsast, for Herrens andlet.
32Dette er den lova de skal følgja når den som har dårleg råd, er ramma av hudsjukdom og skal reinsast.
Sjukdom på hus
33 Herren sa til Moses og Aron: 34#14,34 soppsjukdom Det same hebr. ordet er omsett «hudsjukdom» og «muggsjukdom». Jf. 13,2ff.47ff. Når de kjem inn i Kanaans land, som eg gjev dykk til eigedom, og eg lèt soppsjukdom ramma eit hus i landet som er dykkar eigedom, 35då skal huseigaren gå og melda frå til presten og seia: «Det ser ut til at huset er ramma av soppsjukdom.» 36Då skal presten setja dei til å rydda huset før han sjølv kjem og undersøkjer soppåtaket, så ikkje alt det som er i huset, blir ureint. Etterpå kan presten koma og undersøkja huset. 37Han skal undersøkja åtaket. Dersom husveggene som er ramma, har grønvorne eller raudvorne søkk og overflata på dei ligg djupare enn veggen, 38då skal presten gå ut or huset, til inngangen til huset, og stengja huset for sju dagar. 39Den sjuande dagen skal presten koma att og undersøkja det. Dersom åtaket med sopp har breidd seg på husveggene, 40skal presten setja folk til å bryta ut dei steinane som er ramma, og kasta dei utanfor byen, på ein urein stad. 41Dei skal skrapa huset ned innvendes, heilt rundt, og murpussen som dei har skrapa av, skal dei kasta utanfor byen, på ein urein stad. 42Så skal dei ta andre steinar og setja inn i staden for dei gamle og ta ny mørtel og pussa huset med.
43Blir huset ramma på nytt etter at steinane er uttekne og huset er skrapa og pussa, 44skal presten koma og undersøkja det. Har åtaket då breidd seg på huset, er det tærande sjukdom på det. Då er det ureint. 45Huset skal rivast, både steinane, treverket og all murpussen, og førast ut or byen til ein urein stad. 46Den som går inn i huset så lenge det er stengt, han er urein heilt til kvelds. 47Den som legg seg ned i huset, skal vaska kleda sine, og den som et i huset, skal vaska kleda sine. 48Men om presten kjem og undersøkjer huset og soppåtaket ikkje har breidd seg i huset etter at det vart pussa, då skal presten slå fast at huset er reint. For soppsjukdomen er lækt.
49For å reinsa huset skal han ta to fuglar, sedertre, karmosinraud ull og isop. 50Den eine fuglen skal han slakta over eit leirkar som er fylt med friskt vatn. 51Så skal han ta sedertreet, isopen, den karmosinraude ulla og den levande fuglen og dyppa det i blodet av den fuglen som er slakta, og i det friske vatnet og skvetta på huset sju gonger. 52Når han på denne måten har reinsa huset for synd med fugleblodet, det friske vatnet, den levande fuglen, sedertreet, isopen og den karmosinraude ulla, 53skal han la den levande fuglen flyga ut over marka utanfor byen. Såleis skal han gjera soning for huset. Då er det reint.
54Dette er lova om allslags åtak av hudsjukdom og om skurv, 55om sjukdom på klede og på hus, 56om blemmer, utslett og bleike flekker, 57så de kan avgjera når noko er ureint, og når det er reint. Dette er lova om hudsjukdom.

Currently Selected:

3. Mosebok 14: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy