3. Mosebok 13
13
Hudsjukdom
1 Herren sa til Moses og Aron: 2#5 Mos 24,8#13,2 hudsjukdom Det hebr. ordet som er nytta her, og som før vart omsett med «spillsykje», står for ulike utslett og hudsjukdomar. =sjukdomar. Ordet blir òg nytta om mugg på klede og om sopp i hus. Jf. 13,47ff; 14,33ff. Når nokon får ei blemme, eit utslett eller ein bleik flekk på huda, kan han vera ramma av hudsjukdom. Då skal han førast til presten Aron eller til ein av sønene hans, prestane. 3Presten skal undersøkja det området på huda som er ramma. Dersom håret der har kvitna og området ser ut til å liggja djupare enn huda, då er han ramma av hudsjukdom. Når han ser det, skal presten slå fast at han er urein. 4Men dersom flekken er kvit og han ikkje ser ut til å liggja djupare enn huda og håret på han ikkje har kvitna, då skal presten halda den som er ramma, innestengd i sju dagar. 5Den sjuande dagen skal presten undersøkja han att. Dersom området som er ramma, er uendra og ikkje har breidd seg på huda, skal presten halda han innestengd i sju dagar til. 6Den sjuande dagen skal presten undersøkja han endå ein gong. Har området bleikna og ikkje breidd seg på huda, skal presten slå fast at han rein. Det er berre eit utslett. Han skal vaska kleda sine, og så er han rein. 7Men dersom utslettet likevel breier seg etter at han har vist seg for presten for å få slege fast at han er rein, skal han visa seg for presten endå ein gong. 8Presten skal undersøkja han. Har utslettet breidd seg på huda, skal presten slå fast at han er urein. Då er det hudsjukdom.
9Når nokon er ramma av hudsjukdom, skal han førast til presten. 10Presten skal undersøkja han. Dersom det er ei kvit blemme på huda og håret der har kvitna og det gror villkjøt i henne, 11då er det vedvarande hudsjukdom, og presten skal slå fast at han er urein. Han skal ikkje stengja han inne, for han er alt urein. 12Men dersom sjukdomen bryt ut på huda og dekkjer den sjuke frå hovud til hæl, etter det presten kan sjå, 13då skal presten undersøkja han. Dekkjer sjukdomen heile kroppen, skal presten erklæra den sjuke for rein. Når han har vorte kvit over det heile, er han rein. 14Men så snart det viser seg villkjøt på han, er han urein. 15Når presten ser villkjøtet, skal han slå fast at han er urein. For villkjøtet er ureint. Då er det hudsjukdom. 16Men dersom villkjøtet går bort att og huda blir kvit, skal han gå til presten. 17Presten skal undersøkja han. Dersom området som er ramma, har vorte kvitt, skal presten slå fast at den sjuke er rein. Då er han rein.
18Får nokon ein byll på huda og han blir lækt, 19men det sidan kjem ei kvit blemme eller ein bleikraud flekk der byllen var, då skal han visa seg for presten. 20Presten skal undersøkja han. Dersom flekken ligg djupare enn huda og håret på han har kvitna, skal presten slå fast at han er urein. Han er ramma av hudsjukdom som har brote ut i byllen. 21Men dersom presten undersøkjer flekken og det ikkje er kvite hår der og han ikkje ligg djupare enn huda og han har bleikna, då skal presten halda den sjuke innestengd i sju dagar. 22Dersom flekken då breier seg på huda, skal presten slå fast at han er urein. Då er det hudsjukdom. 23Men dersom den bleike flekken held seg på same staden utan å breia seg, då er det berre arret etter byllen, og presten skal slå fast at han er rein.
24Har nokon fått eit brannsår på huda, og kjøtet som gror i såret, viser seg som ein bleikraud eller kvit flekk, 25skal presten undersøkja han. Dersom håret på flekken har kvitna og han ligg djupare enn huda, då er det hudsjukdom som har brote ut i brannsåret, og presten skal slå fast at han er urein. Han er ramma av hudsjukdom. 26Men dersom presten undersøkjer den bleike flekken og det ikkje er kvite hår på han og han ikkje ligg djupare enn huda og han har bleikna, då skal han halda mannen innestengd i sju dagar. 27Den sjuande dagen skal presten undersøkja han. Dersom flekken då har breidd seg på huda, skal presten erklæra han for urein. Det er eit tilfelle av hudsjukdom som gjer urein. 28Men er flekken bleik og har halde seg på same staden utan å breia seg, då er det ei blemme etter brannsåret, og presten skal slå fast at han er rein. For dette er berre arret etter brannsåret.
29Når ein mann eller ei kvinne blir ramma av ein sjukdom på hovudet eller i skjegget, 30skal presten undersøkja området som er ramma. Dersom det ser ut til å liggja djupare enn huda og det er gult, tynt hår på det, skal presten slå fast at den sjuke er urein. Det er skurv, hudsjukdom på hovudet eller i skjegget. 31Når presten undersøkjer området som er ramma av skurv, og det ser ut til at det ikkje ligg djupare enn huda, og at det ikkje er svarte hår på det, då skal han halda den som er ramma, innestengd i sju dagar. 32Den sjuande dagen skal presten undersøkja flekken. Dersom skurven ikkje har breidd seg, dersom det ikkje er gult hår på han, og dersom han ikkje ser ut til å liggja djupare enn huda elles, 33då skal den som har skurv, barbera seg, men ikkje sjølve skurven, og presten skal halda han innestengd i sju dagar til. 34Den sjuande dagen skal presten undersøkja skurven. Dersom skurven ikkje har breidd seg på huda og ikkje ser ut til å liggja djupare enn huda elles, skal presten slå fast at den sjuke er rein. Han skal vaska kleda sine, og så er han rein. 35Dersom skurven likevel breier seg på huda etter at det vart slege fast at han er rein, 36skal presten undersøkja han. Har skurven breidd seg på huda, skal presten ikkje leita etter gule hår. Då er han urein. 37Men dersom skurven held seg på same staden, etter det presten kan sjå, og det har vakse svarte hår på han, då er skurven lækt. Då er han rein, og presten skal slå fast at han er rein.
38Når ein mann eller ei kvinne får bleike flekker på kroppen, kvite flekker, 39då skal presten undersøkja dei. Er det bleike, kvite flekker på huda, er det berre eit ufarleg utslett som har brote ut. Då er han rein.
40Når ein mann mistar håret på hovudet, blir han fleinskalla, men han er rein. 41Dersom han mistar pannehåret, blir han skalla, men han er rein. 42Men er det ein bleikraud flekk der han er skalla, anten det er i nakken eller i panna, då er det hudsjukdom som bryt ut. 43Presten skal undersøkja han. Er det ei bleikraud blemme i nakken eller panna og det ser ut til å vera hudsjukdom, 44då har han fått denne sjukdomen. Då er han urein. Presten skal slå fast at han er urein. Han har hudsjukdom i hovudet.
45 # Esek 24,17.22; Mi 3,7 Den som er ramma av ein slik sjukdom, skal riva sund kleda og la håret hanga fritt. Han skal løyna skjegget og ropa: «Urein, urein!» 46#14,3; 4 Mos 5,2f; 12,14 Så lenge han er ramma, er han urein. Han skal bu for seg sjølv. Utanfor leiren skal han halda til.
Sjukdom på klede
47 # 13,47 muggsjukdom Det same hebr. ordet er omsett «hudsjukdom» og «soppsjukdom». Jf. 13,2ff; 14,33ff. Det kan henda at klede blir ramma av muggsjukdom, anten det er eit klesplagg av ull eller lin 48eller noko som er vove eller knytt av lin eller ull, eller det er skinn eller noko som er laga av skinn. 49Det er grønvorne eller raudvorne område på plagget eller skinnet eller det som er vove eller knytt eller laga av skinn. Då er det ramma av muggsjukdom. Det skal visast fram for presten. 50Presten skal undersøkja plagget som er ramma, og halda det innelåst i sju dagar. 51Den sjuande dagen skal han undersøkja det att. Har området som er ramma, breidd seg på plagget eller på det som er vove eller knytt, eller på skinnet eller på det som er laga av skinn, då er det tærande sjukdom. Då er det ureint. 52Han skal brenna det som er ramma, anten det er eit plagg eller noko som er vove eller knytt av ull eller lin, eller noko som er laga av skinn. For det er tærande sjukdom. Det skal brennast. 53Men dersom presten undersøkjer det, og området som er ramma, ikkje har breidd seg på plagget eller på det som er vove eller knytt eller laga av skinn, 54då skal han setja nokon til å vaska det som er ramma, og halda det innelåst i sju dagar til. 55Så skal presten undersøkja det etter at det er vaska. Dersom plagget som er ramma, ikkje ser annleis ut enn før, då er det ureint, jamvel om området som er ramma, ikkje har breidd seg. Du skal brenna det. Det er slikt som et seg inn, på retta eller ranga. 56Men dersom presten undersøkjer det og finn at flekkene har bleikna etter vasken, då skal han riva det av plagget eller skinnet eller av det som er vove eller knytt. 57Viser sjukdomen seg att på plagget eller på det som er vove eller knytt eller laga av skinn, då bryt han ut. Du skal brenna det som er ramma. 58Men går det av i vask på plagget eller det som er vove eller knytt eller laga av skinn, då skal det vaskast ein gong til. Då er det reint.
59Dette er lova om muggsjukdom som rammar klesplagg av ull eller lin, det som er vove eller knytt, og alle slag ting av skinn. Etter den skal dei seiast reine eller ureine.
Currently Selected:
3. Mosebok 13: N11NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).