YouVersion Logo
Search Icon

Josva 12

12
Kongane som israelittane vann over
1Dette er kongane i landet som israelittane vann over, dei som rådde over landet som israelittane tok i eige på den andre sida av Jordan, på austsida, frå Arnon-elva til Hermon-fjellet, heile austsida av Araba-sletta: 2#4 Mos 21,21ff; 5 Mos 2,26ff; 3,16 amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon og rådde over området frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-elva, området frå midt i dalen og over halve Gilead til Jabbok, elva som er grense mot ammonittane, 3#5 Mos 3,17#12,3 Saltsjøen Daudehavet. og over Jordan-dalen, opp til austsida av Kinneret-sjøen og ned til austsida av Araba-sjøen – som blir kalla Saltsjøen – bort imot Bet-Jesjimot, og sørover nedst i Pisga-skråningane. 4#5 Mos 1,4; 3,1ff Vidare området til Og, kongen i Basan, ein av dei som var att av refaittane. Han hadde sete i Asjtarot og Edre'i 5og rådde over Hermon-fjellet, Salka og heile Basan, til grensa mot gesjurittane og maakatittane, og over halve Gilead, til grensa mot Sihon, kongen i Hesjbon. 6#4 Mos 32,33; 5 Mos 3,12 Moses, Herrens tenar, og israelittane hadde vunne over desse kongane, og Moses, Herrens tenar, hadde gjeve landet i eige til rubenittane og gadittane og halvparten av stammen til Manasse.
7Dette er kongane i landet som Josva og israelittane vann over på vestsida av Jordan. Landet frå Baal-Gad i Libanon-dalen til snaufjellet som stig opp mot Se'ir gav Josva Israel-stammane til eige. Kvar stamme fekk sin del, 8i fjellandet, i låglandet og på Araba-sletta, i skråningane, i ørkenen og Negev, i landet til hetittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane.
Kongane var: 9kongen i Jeriko, éin, kongen i Ai ved Betel, éin, 10kongen i Jerusalem, éin, kongen i Hebron, éin, 11kongen i Jarmut, éin, kongen i Lakisj, éin, 12kongen i Eglon, éin, kongen i Geser, éin, 13kongen i Debir, éin, kongen i Geder, éin, 14kongen i Horma, éin, kongen i Arad, éin, 15kongen i Libna, éin, kongen i Adullam, éin, 16kongen i Makkeda, éin, kongen i Betel, éin, 17kongen i Tappuah, éin, kongen i Hefer, éin, 18kongen i Afek, éin, kongen i Saron, éin, 19kongen i Madon, éin, kongen i Hasor, éin, 20kongen i Sjimron-Meron, éin, kongen i Aksjaf, éin, 21kongen i Taanak, éin, kongen i Megiddo, éin, 22kongen i Kedesj, éin, kongen i Jokneam ved Karmel, éin, 23kongen i Dor på Dor-høgda, éin, kongen over folka i Galilea, éin, 24kongen i Tirsa, éin, i alt trettiein kongar.

Currently Selected:

Josva 12: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy