YouVersion Logo
Search Icon

Josva 11

11
Slaget ved Merom-elva
1Då Jabin, kongen i Hasor, fekk høyra om dette, sende han bod til Jobab, kongen i Madon, til kongen i Sjimron og kongen i Aksjaf 2#5 Mos 3,17#11,2 Araba-sletta dalsøkket der Jordan og Daudehavet ligg. og til kongane i fjellandet i nord, på Araba-sletta sør for Kinneret, i låglandet og i høglandet ved Dor mot vest, 3til kanaanearane i aust og vest, til amorittane, hetittane og perisittane, til jebusittane i fjellandet og hevittane ved foten av Hermon, i Mispa-landet. 4Dei drog ut med troppane sine, ein stor hær, talrik som sanden på havsens strand, og med ei stor mengd hestar og vogner. 5Alle desse kongane drog saman til Merom-elva og slo leir der for å gå til kamp mot Israel.
6 # 10,8 Då sa Herren til Josva: «Ver ikkje redd dei! I morgon på denne tid skal eg syta for at dei ligg falne framfor israelittane. Du skal skjera over hasane på hestane deira og brenna opp vognene deira.» 7Josva og hæren hans kom brått over fiendane ved Merom-elva og gjekk til åtak på dei. 8#11,8 Mispa-dalen her eit dalføre aust for Hermon.Herren overgav dei i Israels hender. Israelittane slo dei og forfølgde dei heilt til det store Sidon og Misrefot-Majim og til Mispa-dalen i aust. Dei knuste fiendane slik at ingen overlevde eller slapp unna. 9Og Josva gjorde med dei som Herren hadde sagt. Han skar over hasane på hestane og brende opp vognene deira.
Josva tek landet i nord
10Etterpå snudde Josva om, tok Hasor og hogg kongen der ned med sverd. Hasor var før i tida det fremste av alle desse kongedøma. 11Alt levande der vart hogge ned med sverd. Dei vart slegne med bann, ikkje eit liv vart spart. Byen Hasor sette han i brann. 12#5 Mos 7,2; 20,16f Josva la under seg alle desse kongebyane og kongane der. Han hogg dei ned med sverd og slo dei med bann, slik Moses, Herrens tenar, hadde sagt han føre. 13Men israelittane sette ikkje eld på nokon av dei andre byane som låg på høgdene, berre Hasor. Det var den einaste byen Josva brende.
14Alt hærfanget frå desse byane og alt bufeet tok israelittane sjølve. Men folket hogg dei ned med sverd til alle var utrydda. Ikkje éin fekk leva. 15#2 Mos 23,31ff; 34,12ff Det Herren hadde sagt tenaren sin Moses føre, hadde Moses bode Josva å gjera, og Josva gjorde det. Han utelét ikkje noko av alt det Herren hadde sagt Moses.
Israelittane tek heile landet
16 # 10,40f Slik tok Josva heile dette landet: fjellandet, heile Negev og Gosen-landet, låglandet og Araba-sletta, fjellandet i Israel og låglandet der, 17frå snaufjellet som stig opp mot Se'ir, til Baal-Gad i Libanon-dalen ved foten av Hermon-fjellet. Alle kongane der tok han til fange og slo i hel. 18#2 Mos 23,29f; 5 Mos 7,22 I lang tid førte Josva krig mot desse kongane. 19#9,15 Ingen by gjorde fred med israelittane, bortsett frå hevittane som budde i Gibeon. Alle dei andre tok dei i krig. 20#2 Mos 4,21+; 5 Mos 2,30 Det var Herren som gjorde hjarta deira harde og fekk dei til å strida mot Israel, for at Israel skulle slå dei med bann så det ikkje fanst nåde for dei. For dei skulle ryddast ut slik Herren hadde sagt til Moses.
21 # 5 Mos 1,28 På den tid drog Josva opp og hogg ned anakittane i fjellandet, i Hebron, Debir, Anab og heile fjellandet i Juda og Israel, og slo dei og byane deira med bann. 22#5 Mos 9,2f Det vart ingen anakittar att i landet til israelittane. Berre i Gaza, Gat og Asjdod vart det nokre att. 23#14,15 Så tok Josva heile landet, slik Herren hadde sagt til Moses. Og Josva lét israelittane få det til eige; kvar stamme fekk sin del. Og så fekk landet kvile frå krigen.

Currently Selected:

Josva 11: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy