YouVersion Logo
Search Icon

Joel 3

3
Lovnaden om Anden
1 # Jes 44,3; Esek 39,29; Sak 12,10; Apg 2,16f Ein gong skal det henda
at eg auser ut min Ande over alle menneske.
Sønene og døtrene dykkar skal profetera,
dei gamle skal drøyma draumar,
og dei unge skal sjå syn.
2Sjølv over slavar og slavekvinner
vil eg ausa ut min Ande i dei dagane.
3Eg set varsel
på himmel og jord,
blod og eld og røyksøyler.
4 # 2,10+ Sola blir omskapt til mørker
og månen til blod
før Herrens dag kjem, den store og skremmande.
5 # Ob 17; Apg 2,21; Rom 10,13 # 3,5 berging Ordet kan òg omsetjast «nokre som har sloppe unna». Då skal kvar den som kallar på Herrens namn, bli berga.
For på Sion-fjellet og i Jerusalem
skal det finnast berging,
som Herren har sagt.
Og mellom dei overlevande
er dei som Herren kallar.
Herrens dom over folka
6 # Hos 6,11+ For sjå, i dei dagane og på den tida,
når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem,
7 # 3,17.19 # 3,7 Josjafat-dalen I denne dalen skal Herren halda dom over folkeslaga. Jf. v. 17. Josjafat tyder «Herren dømmer». då vil eg samla alle folkeslag
og føra dei ned i Josjafat-dalen.
Der vil eg halda rettargang med dei
om Israel, mitt folk og min eigedom,
som dei spreidde mellom folka.
Dei delte landet mitt
8 # Ob 11; Nah 3,10 og kasta lodd om folket mitt,
dei gav ein gut for ei hore
og selde ei jente for vin,
og den drakk dei opp.
9Så, kva vil de meg, Tyros og Sidon og alle filistarbygder? Vil de ta igjen for noko eg har gjort? Gjer de meg noko vondt, skal eg straks la det koma over dykkar eige hovud, 10for de tok sølvet og gullet mitt og førte bort mine dyraste skattar til dykkar eigne tempel, 11#3,11 jonarane «Javans søner». >Jes 66,19. de selde folket i Juda og Jerusalem til jonarane for å føra dei langt bort frå landet sitt. 12Sjå, no vekkjer eg dei frå staden de har selt dei til, og lèt det de har gjort, koma over dykkar eige hovud. 13#3,13 sabearane truleg eit handelsfolk frå Saba i Sør-Arabia. Jf. 1 Kong 10,1f; Job 1,15. Og eg vil la judearane selja sønene og døtrene dykkar. Dei skal selja dei til sabearane, eit folk langt borte. For Herren har tala.
14Rop dette ut mellom folka,
lys heilag krig, vekk krigarane!
Lat alle stridsmenn møta fram og dra ut!
15 # Jes 2,4+; Mi 4,3 Smi plogskjera om til sverd
og vingardsknivane til spyd!
Den veike skal seia: «Eg er ein helt.»
16Skund dykk og kom!
Kom saman, alle folkeslag, frå alle kantar,
Herre, før dine krigarar ned!
17Folkeslaga skal bryta opp
og fara til Josjafat-dalen,
for der vil eg sitja til doms
over folk frå alle kantar.
18 # Jes 63,1ff; Op 14,15.18 Send sigden ut, for hausten er mogen,
kom og trakk, for vinpressa er full,
pressekummane fløymer over, for vondskapen deira er stor.
19 # 1,15+ # 3,19 Dommens dal Josjafats dal. >v. 7. Larm og atter larm i Dommens dal,
for Herrens dag er nær i Dommens dal.
20 # 2,10+ Sol og måne svartnar,
og stjernene mistar sin glans.
Herren bur på Sion
21 # Sal 18,2+; Jer 25,30; Hos 11,10; Am 1,2 Herren skal brøla frå Sion,
la røysta ljoma frå Jerusalem,
himmel og jord skal skjelva.
Men Herren er eit vern for sitt folk,
ei borg for Israels born.
22 # Esek 34,30; Ob 17 Då skal de kjenna
at eg er Herren dykkar Gud
som bur på Sion, mitt heilage fjell.
Jerusalem skal vera ein heilag stad,
der skal framande aldri meir koma inn.
23 # Esek 47,1; Am 9,13; Sak 14,8 # 3,23 Akasiedalen eit av dei tørre dalstroka aust for Jerusalem. Den dagen skal det skje
at fjella dryp av druesaft
og haugane fløymer med mjølk,
og i alle bekkefar i Juda
skal det renna vatn.
Ei kjelde skal vella fram frå Herrens hus
og vatna Akasiedalen.
24Egypt skal bli til ei øydemark
og Edom til ein aud ørken
på grunn av valdsverket mot judearane,
fordi dei spilte skuldlaust blod i sine land.
25Men i Juda skal det alltid bu folk,
og i Jerusalem slekt etter slekt.
26 # Sal 9,12; 74,2; Op 6,10 # 3,26 hemna … skuldige Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Eg vil hemna deira blod
og ikkje spara dei skuldige.
Herren bur på Sion.

Currently Selected:

Joel 3: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy