YouVersion Logo
Search Icon

Joel 2

2
Herrens dag
1 # 1,15+; Am 3,6 Blås i horn på Sion
og lyft hærrop på mitt heilage fjell
så alle i landet skjelv!
For Herrens dag kjem, han er nær,
2 # 2 Mos 10,14; 11,6; 5 Mos 5,22f; Am 5,18.20; Sef 1,15 ein dag med mørker og dimme,
ein dag med skyer og skodde.
Eit stort og mektig folk breier seg ut
som morgonròden over fjellet.
Det har aldri hatt sin like i tider som var,
og vil aldri få det i år som kjem,
så lenge slekt følgjer slekt.
3Elden et opp framfor dei,
og etter dei sleikjer flammen,
landet framfor dei er som Edens hage,
etter dei er ein aud ørken,
ingen slepp unna.
4 # Op 9,7 Som hestar er dei å sjå til,
som hingstar spring dei fram,
5som krigsvogner over fjella
skramlar dei fram,
lik eld som sprakar i halmen,
lik eit sterkt folk rusta til krig.
6 # Jes 13,8 Folkeslag skjelv for dei,
kvart andlet blir raudt.
7Som krigarar rusar dei fram,
som stridsmenn stormar dei murar.
Kvar mann går strake vegen fram
og bøyer ikkje av frå stigen.
8Dei pressar ikkje kvarandre bort,
kvar mann held sin plass,
mellom kastespyd rusar dei fram
og lèt seg ikkje stansa.
9 # Jer 9,21 Dei fer inn i byen,
dei stormar opp på muren,
dei trengjer inn i husa,
gjennom vindauga går dei som tjuvar.
10 # Jes 13,10; Esek 32,7; Joel 3,4.20; Hab 3,5f; Matt 24,29; Apg 2,20; Op 6,12 Jorda skjelv framfor dei,
og himmelen rister.
Sol og måne svartnar,
og stjernene mistar sin glans.
11 # Sal 103,20f; Sef 1,14f; Mal 3,2 Herren hevar røysta framfor sin hær,
for veldig er hæren hans,
og mektige er dei som lyder hans ord.
Ja, stor og skremmande er Herrens dag,
kven kan halda han ut?
Vend om, for Gud er nådig
12 # 5 Mos 30,10; Jer 3,12f; Esek 33,11; Hos 3,5; 12,7+ Men sjølv no, seier Herren,
vend om til meg av heile dykkar hjarte,
med faste og gråt og klage.
13 # 2 Mos 34,5f+ # 2,13 Riv … kleda =sørgjeskikkar. Riv hjartet sund, ikkje kleda!
Vend om til Herren dykkar Gud!
For han er nådig og mild,
sein til vreide og rik på miskunn,
og han kan angra på ulukka.
14 # 1,9+; Am 7,3.6+; Jona 3,9 Kven veit om han vender om og angrar
og legg velsigning etter seg
– grødeoffer og drikkoffer for Herren dykkar Gud.
15 # 1,14+ Blås i horn på Sion,
rop ut ei heilag faste,
kunngjer høgtidssamling!
16Kall folket saman,
helga forsamlinga!
Lat dei gamle samlast,
og lat småborn og spedborn koma saman.
Lat brudgomen gå ut frå sitt rom
og brura ut frå sitt kammer!
17 # Sal 42,4+; Joel 1,9+ Mellom forhall og altar
skal prestane, Herrens tenarar,
gråta og seia:
«Herre, spar ditt folk,
gjer ikkje din eigedom til spott
så folkeslag får rå over dei!
Kvifor skal dei seia mellom folka:
Kvar er deira Gud?»
18Då vart Herren fylt av lidenskap for sitt land
og viste medkjensle med folket sitt.
19Og Herren svara sitt folk:
Sjå, eg vil senda dykk korn, ny vin og fin olje
så de kan bli mette.
Aldri meir skal eg gjera dykk
til spott mellom folka.
20 # 2,20 Fienden frå nord >Jer 1,14. Fienden frå nord
vil eg driva langt bort frå dykk
og jaga til eit tørt og audt land,
hans fortropp til havet i aust,
hans baktropp til havet i vest.
Stanken av han skal stiga opp,
den vonde lukta hans skal stiga opp.
Ja, storverk har han gjort.
21Ver ikkje redd, du åkerjord,
fryd deg og ver glad!
For Herren har gjort storverk.
22 # 1,12.20 Ver ikkje redde, de dyr på marka,
for beita i øydemarka grønkast
og trea gjev si frukt,
fikentre og vinstokk ber rikt.
23 # 3 Mos 26,3f; 5 Mos 11,14 Fryd dykk, Sions born,
gled dykk i Herren dykkar Gud!
For han gjev dykk regn i rett tid,
han lèt regnet falla som før,
både haust og vår.
24 # Ordt 3,10 Kvar treskjeplass fyllest med korn,
pressekummane renn over
av ny vin og fin olje.
25 # 1,4 Eg gjev dykk att for åra
då den svermande, den hoppande, den gnagande
og den tyggjande grashoppa åt,
min store hær som eg sende mot dykk.
26De skal eta og bli mette
og prisa namnet til Herren dykkar Gud,
som har stelt så underfullt med dykk.
Folket mitt skal aldri bli til skamme.
27 # Jes 45,5f; 46,9 De skal kjenna at eg er midt i Israel.
Eg er Herren dykkar Gud, og ingen annan.
Folket mitt skal aldri bli til skamme.

Currently Selected:

Joel 2: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy