YouVersion Logo
Search Icon

Job 22

22
Elifas: Forlik deg med Gud
1Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:
2Kan vel ein mann hjelpa Gud?
Nei, den kloke hjelper berre seg sjølv.
3 # 35,7 Har Den veldige glede av di rettferd?
Tener han på at du er heil i di ferd?
4Er det for gudsfrykta di han klagar deg
og stemner deg for retten?
5Er ikkje vondskapen din stor
og skulda utan ende?
6 # 2 Mos 22,26; 5 Mos 24,17; Job 24,7; Jes 58,7 Du tok pant frå brørne dine utan grunn,
drog av dei siste plagga deira.
7 # Jes 21,14; Matt 25,42 Den utmatta nekta du vatn,
du heldt brød tilbake frå den svoltne.
8Den sterke eigde landet,
den fornemme fekk bu der.
9 # 24,3–11 Enkjer sende du tomhendte bort,
du knuste styrken til dei farlause.
10 # 18,9–21 Difor er snarer sette omkring deg,
brå redsle grip deg.
11Eller ser du ikkje mørkret,
vassflaumen som kjem over deg?
12 # 11,8; Fork 5,1; Jes 40,26f Er ikkje Gud høgt i himmelen?
Sjå dei øvste stjernene, kor langt oppe dei er!
13 # Sal 10,11; 94,7; Jes 29,15; Jer 23,23f Du seier: «Kva veit vel Gud?
Kan han dømma gjennom tett skodde?
14 # Sal 19,5–7 Skyer dekkjer så han ikkje ser
der han vandrar over himmelbogen.»
15 # 1 Mos 6,5–7; 7,17ff Vil du følgja den gamle stigen
som ugjerningsmenn gjekk,
16 # 22,11 dei som vart rivne for tidleg bort
då flaumen skylde vekk grunnvollen deira?
17 # 21,14–16 Dei hadde sagt til Gud: «Gå frå oss!
Kva gjer vel Den veldige for oss?»
18 # 21,7–12; Hos 2,8 Men han hadde fylt husa deira med alt godt.
Lat planane til urettferdige vera langt frå meg!
19 # Sal 58,11; 68,1–3; 107,42 Dei rettferdige såg det og jubla,
dei uskuldige spotta:
20«Der forsvinn motstandarane våre,
og elden fortærer restane.»
21 # Jes 27,5; 2 Kor 5,19–21 Forlik deg med han og slutt fred,
så får du alt godt tilbake.
22Ta imot rettleiing frå hans munn,
legg deg talen hans på hjartet.
23 # 5 Mos 30,2–10; Job 11,14f Vend attende til Den veldige,
så får du oppreising.
Hald urett borte frå teltet ditt!
24 # Matt 6,19 # 22,24 Ofir var kjend for sitt særleg verdfulle gull. Jf. 1 Kong 9,28; Jes 13,12. Kast gullet ditt i støvet,
Ofir-gullet mellom steinar i bekken,
25 # Sal 16,5; 119,57; 142,6; Klag 3,24 så skal Den veldige vera gull for deg,
ja, det finaste sølv.
26 # Sal 37,4 Du har di glede i Den veldige.
Du lyfter andletet mot Gud.
27 # Sal 50,14; Jes 65,24 Du bed til han, og han høyrer deg.
Du innfrir det du har lova.
28Det du set deg føre, skal lukkast.
Lys skal stråla over vegane dine.
29 # Sal 18,28; Jes 57,15 Når det går nedover, skal du seia: «Opp!»
Han frelser dei som slår auga ned.
30 # 42,8; Jak 5,16 Han bergar jamvel den som ikkje er uskuldig;
ved dine reine hender blir han berga.

Currently Selected:

Job 22: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy