YouVersion Logo
Search Icon

Job 21

21
Job: Kor ofte sloknar lampa til dei urettferdige?
1Då tok Job til ords og sa:
2Høyr etter det eg seier,
lat det vera trøysta de gjev.
3Ber over med meg medan eg talar;
når eg har tala, kan de spotta.
4Klagar eg over mennesket?
Har eg ikkje då grunn til å vera utolmodig?
5 # 29,9; 39,37 Sjå på meg! Bli forskrekka!
Hald dykk for munnen!
6 # 20,2 Når eg tenkjer tilbake, blir eg skremd
og skjelv over heile kroppen.
7 # Sal 73,3ff; Jer 12,1f; Hab 1,13 Kvifor får dei urettferdige leva,
bli gamle og rike?
8Borna er trygge hos dei,
dei ser etterkomarar veksa opp.
9 # 5,17 Huset har fred frå redsler.
Gud bruker ikkje stokken på dei.
10Oksen si paring slår ikkje feil,
og kua kalvar i rett tid.
11Dei slepper gutungar ut som sauer,
borna dansar i glede.
12Dei syng til tromme og lyre
og jublar til fløytetonar.
13Dei nyt sine dagar i lukke
og går til dødsriket utan smerte.
14 # 22,17 Men til Gud seier dei: «Gå frå oss!
Vi har ikkje lyst til å kjenna din veg.
15 # 2 Mos 5,2; Mal 3,14 Kven er Den veldige, kvifor skal vi tena han?
Kva får vi att for å kalla på han?»
16 # Job 22,18; Sal 1,1 Ingen har lukka i si eiga hand.
Lat råd frå urettferdige vera langt frå meg!
17 # 18,5; 38,15 Kor ofte sloknar lampa til dei urettferdige?
Kjem vel ulukke over dei,
smerta han deler ut i sin vreide?
18 # Sal 1,4; 35,5; 83,14 Blir dei som strå i vinden,
som agner stormen sopar bort?
19 # 2 Mos 20,5; Jer 31,29f; Esek 18,2 Sparer Gud straffa til borna?
Han gjev att så det kjennest,
20 # Sal 75,9 lèt den skuldige sjå undergangen sin med eigne auge
og drikka Den veldiges vreide.
21For kva bryr vel han seg om etterslekta
når hans tid er ute?
22 # 4,18; 15,15; Jes 40,13; Rom 11,34; 1 Kor 2,16 # 21,22 dei høgste Det kan vera tenkt på englane. Men kven kan læra Gud,
han som dømmer dei høgste?
23Den eine døyr i si velmakt,
heilt igjennom sorglaus og roleg,
24med bytter fulle av mjølk,
knoklar med saftig merg.
25Den andre døyr med bittert sinn
og har aldri smaka det gode.
26 # 3,17–19; Fork 9,2f; Jes 14,11 Begge må liggja i støvet,
dekte av makk.
27Eg kjenner tankane dykkar,
planane de pønskar ut mot meg.
28For de spør: «Kvar er stormannens hus?
Kvar er vel teltet der dei lovlause budde?»
29Har de ikkje spurt dei vegfarande?
Har de ikkje forstått det dei varslar?
30For på ulukkedagen blir den vonde spart,
på vreidedagen blir han berga.
31Kven stiller han til ansvar for hans livsferd,
kven krev han for det han har gjort?
32Nei, han blir boren til grava,
og ved gravkammeret held dei vakt.
33Han kviler mjukt i molda i dalen.
Alle vil følgja etter,
og ei tallaus mengd har gått føre.
34Korleis kan de trøysta meg med tom trøyst
og svara meg med svik?

Currently Selected:

Job 21: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy