YouVersion Logo
Search Icon

Jeremia 20

20
1Då presten Pasjhur, Immers son, som var øvste tilsynsmann i Herrens hus, høyrde Jeremia tala desse profetiske orda, 2#37,15; Joh 18,22; Apg 23,2; 2 Kor 11,24f#20,2 Benjamin-porten truleg i den nordlege delen av Jerusalems bymur. slo han profeten Jeremia og sette han i gapestokken ved den øvre Benjamin-porten, som fører inn til Herrens hus.
3 # 6,25; 20,10; 46,5; 49,29 Dagen etter sleppte Pasjhur Jeremia laus frå gapestokken. Då sa Jeremia til han: Herren kallar deg ikkje Pasjhur, men «Redsle på alle kantar». 4For så seier Herren: Sjå, eg gjer deg til ei redsle for deg sjølv og for alle venene dine. Dei skal falla for sine fiendars sverd, og auga dine skal sjå det. Og heile Juda vil eg gje over i hendene på kongen av Babel. Han skal føra dei til eksil i Babel og hogga dei ned med sverd. 5#Jes 39,6 Og eg vil gje all rikdom i denne byen i hendene på fiendane deira, alt dei har streva for, alle kostesame eigneluter og alle skattane til Juda-kongane, dei skal røva dei, ta dei med seg og føra dei til Babel. 6Du, Pasjhur, og alle som bur i ditt hus, skal gå i fangenskap og koma til Babel, og der skal du døy, og der skal du gravleggjast, både du og alle venene dine som du har profetert løgn for.
Profeten kan ikkje svikta kallet
7 # 1,7; Klag 3,14 Du lokka meg, Herre,
og eg lét meg lokka.
Du vart for sterk for meg og vann.
Eg er til latter heile dagen,
alle spottar meg.
8Kvar gong eg snakkar, må eg skrika.
«Vald og ran!» ropar eg.
For Herrens ord har dagen lang
vorte meg til spott og skam.
9 # Job 32,18; Sal 39,4; Am 3,8 Eg sa: «Eg vil ikkje tenkja på han
og aldri meir tala i hans namn.»
Då var det som om det brann ein eld i mitt hjarte.
Han var innestengd i knoklane mine.
Eg streva for å stå imot,
men eg greidde det ikkje.
10 # Sal 31,14; Jer 20,3 For eg høyrer mange som kviskrar:
«Redsle på alle kantar!
Meld han! Vi skal melda han!»
Kvart menneske eg hadde fred med,
ventar på at eg skal falla:
«Kanskje lèt han seg lokka,
så vi vinn og kan hemna oss på han.»
11 # 1,8.19; 15,20; 17,18 Men Herren er med meg
lik ein veldig krigar.
Difor skal dei som forfølgjer meg,
snubla og ikkje vinna.
Dei skal bli heilt til skamme,
for dei mislukkast,
ei evig vanære som aldri blir gløymd.
12 # 11,20+ Herre over hærskarane,
du som prøver den rettferdige,
som ser nyrer og hjarte,
lat meg få sjå at du tek hemn over dei,
for eg har lagt mi sak fram for deg.
13Syng for Herren, lovpris Herren,
for han bergar livet til den fattige
frå valdsmannens hand.
14 # Job 3,3ff; Jer 15,10 Forbanna er den dagen
då eg vart fødd!
Den dagen mor mi fødde meg,
skal ikkje vera velsigna!
15Forbanna er den mannen
som kom til far min med nyhendet:
«Det er fødd deg eit barn, ein gut»
og gjorde han storleg glad.
16 # 1 Mos 19,24f; Jer 23,14 Lat den mannen bli som dei byane
Herren øydela utan medynk!
Lat han høyra skrik om morgonen
og hærrop midt på dagen
17fordi han ikkje drap meg i mors liv,
så mor mi kunne bli mi grav
og alltid gå med barn.
18 # Job 3,11ff Kvifor kom eg ut av mors liv
for å sjå møde og sorg
og enda mine dagar i skam?

Currently Selected:

Jeremia 20: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy