Jakob 1:19-21
Jakob 1:19-21 BIBEL2011
Dette må de vita, mine kjære sysken: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å bli sint. For sinne hos eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. Legg difor av alt som er ureint, og all slags vondskap, og ta audmjukt imot det ordet som er planta i dykk, det som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.