YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 59

59
Synd og frelse
1 # 4 Mos 11,23; Jes 50,2 Sjå, Herrens hand er ikkje for kort til å frelsa,
og øyret hans er ikkje for tungt til å høyra.
2 # 1,15; 57,17; Mi 3,4 Nei, det er skulda
som skil mellom dykk og dykkar Gud.
Syndene dykkar løyner andletet hans
så han ikkje høyrer dykk.
3 # Sal 12,2; Ordt 6,16ff; Jes 1,15; Esek 23,45 For hendene dykkar er tilsølte med blod
og fingrane av skuld,
leppene dykkar talar løgn,
og tunga mumlar svik.
4 # Job 15,35; Sal 7,15 Ingen stemner til doms med rette,
og ingen fører sak på ærleg vis.
Dei lit på tomleik og talar løgn,
dei unnfangar urett og føder vondskap.
5Dei klekkjer ut ormeegg
og vev spindelvev.
Den som et av egga, døyr,
blir dei knuste, blir det klekt ut ein slange.
6 # Job 8,14 Det dei vev, duger ikkje til klede,
ingen kan kle seg i det dei lagar.
Det dei gjer, er vondskaps gjerning,
valdsverk kjem frå hendene deira.
7 # Ordt 1,16; Rom 3,15ff Føtene deira spring etter vondskap,
dei er raske til å ausa ut uskuldig blod.
Dei legg vonde planar,
der dei fer, er det herjing og øydelegging.
8Freds veg kjenner dei ikkje,
det finst ingen rett i fotspora deira.
Dei lagar seg krokvegar,
den som går der, kjenner ikkje fred.
9 # 58,10 Difor er retten langt borte frå oss,
rettferda når oss ikkje.
Vi vonar på lys, men sjå, det er natt,
på lysglans, men vi går i mørker.
10 # 5 Mos 28,29 Vi famlar langs veggen som blinde,
famlar som om vi var utan auge.
Vi snublar midt på dagen
som om det var skumring,
midt i livet er vi som døde.
11 # 38,14 Vi brummar alle som bjørnar,
vi klynkar som duer.
Vi vonar på rett, men det finst ikkje,
på frelse, men ho er langt borte frå oss.
12 # Sal 38,5; 51,5; Jer 14,7 Våre mange brot er framfor deg,
våre synder vitnar imot oss.
For vi veit om våre brot,
og vi kjenner vår skuld.
13 # Sal 5,7.10 Vi har gjort opprør
og fornekta Herren,
snudd oss bort frå vår Gud,
tala om undertrykking og fråfall
og brumma usanne ord
som vi unnfanga i hjartet.
14 # Hab 1,4 # 59,14 på torget der rettssaker kunne avgjerast. Retten er driven tilbake,
rettferda står langt borte.
For sanninga har snubla på torget,
og det som er rett, kjem ingen veg.
15 # Sal 12,2; Hos 4,1 Sanninga er borte,
den som vender seg frå det vonde, blir plyndra.
Herren såg det, og det var vondt i hans auge,
for det fanst ingen rett.
16 # Sal 98,1; Jes 63,5 Han såg ikkje nokon som kom til hjelp,
han undra seg over at ingen greip inn.
Men hans arm gav han siger,
hans rettferd støtta han.
17 # Job 29,14; Ef 6,14ff; 1 Tess 5,8 Han kledde seg i rettferd som brynje
og sette frelses hjelm på hovudet.
Han kledde seg i hemnens drakt
og sveipte om seg
lidenskapens kappe.
18Som gjerninga er, slik gjengjelder han:
harme mot motstandarar,
gjengjeld mot fiendar,
mot fjerne kystar gjer han gjengjeld.
19 # 30,27.33; 45,6; Mal 1,11 Dei skal frykta
Herrens namn i vest
og hans herlegdom i aust.
For han kjem som ein veldig flaum,
Herrens ande driv han fram.
20 # 1,27; Rom 11,26 Ein som løyser ut, skal koma til Sion,
til dei hos Jakob som vender om frå synd,
seier Herren.
21 # 51,16; Jer 1,9 Dette er mi pakt med dei, seier Herren:
Min Ande som er over deg,
og mine ord som eg har lagt i din munn,
skal ikkje vika frå din munn
og ikkje frå munnen til borna og barneborna dine,
seier Herren,
frå no og til evig tid.

Currently Selected:

Jesaja 59: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy