YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 58

58
Rett faste og sabbatshelg
1 # Hos 8,1; Mi 3,8 Rop av full hals, spar deg ikkje.
Lat røysta runga som eit horn!
Fortel mitt folk om deira brot
og Jakobs hus om deira synder!
2Dei søkjer meg dag etter dag
og ønskjer å kjenna mine vegar.
Dei liknar eit folk som gjer det som er rettferdig,
og ikkje vender seg bort frå det som er rett for deira Gud.
Dei spør etter mine rettferdige lover
og ønskjer å vera nær Gud.
3 # Jer 14,12; Mal 3,14 «Kvifor ser du ikkje at vi fastar,
kvifor merkar du ikkje at vi plagar oss sjølve?»
Sjå, på fastedagen gjer de som de vil,
de driv alle arbeidsfolk hardt.
4Sjå, når de fastar, blir det strid og krangling
og slagsmål med urettferdige nevar.
De fastar ikkje slik i dag
at røysta dykkar kan høyrast i det høge.
5 # Sak 7,5 # 58,5 sekk og oske teikn på sorg eller anger. =sørgjeskikkar. Er dette den fasta eg har valt,
ein dag då mennesket plagar seg sjølv,
bøyer hovudet som eit siv
og legg seg i sekk og oske?
Kallar du dette for faste
og ein dag etter Herrens vilje?
6 # Jer 34,8f Nei, dette er fasta eg har valt:
å løysa urettferdige lenkjer,
sprengja banda i åket,
setja undertrykte fri
og å bryta kvart åk sund,
7 # Job 31,16ff; Esek 18,7; Matt 25,35ff; Rom 12,13 å dela ditt brød med svoltne
og la hjelpelause og heimlause koma i hus.
Du skal sjå til den nakne og kle han,
du skal ikkje snu ryggen til dine eigne.
8 # Sal 37,6; Jes 52,12 Då skal lyset renna for deg som morgonròden,
brått skal du lækjast.
Di rettferd skal gå framfor deg
og Herrens herlegdom følgja etter deg.
9 # Sal 145,18; Jes 30,19; 65,1.24 Då skal du kalla, og Herren skal svara,
du skal ropa, og han skal seia: «Eg er her!»
Om du tek bort kvart åk hos deg,
ikkje peikar med fingrane og talar vondt,
10 # Sal 97,11; 112,4 om du gjev av ditt eige til den svoltne
og sjølv mettar den som lid naud,
då skal lyset ditt gå opp i mørkret,
natta di skal bli som høglys dag.
11 Herren skal alltid leia deg
og metta sjela di i det tørre landet.
Han skal styrkja kroppen din
så du blir som ein vassrik hage,
ei kjelde der vatnet aldri sviktar.
12 # 61,4; Am 9,14 Dine gamle ruinar skal byggjast opp att,
du skal gjenreisa grunnmurar frå eldgamle slekter.
Du skal kallast
Den som murar att rivner,
Den som set i stand vegar
så folk kan bu der.
13 # 56,2 Om du sluttar å trakka på sabbaten
og gjera som du vil på min heilagdag,
men kallar sabbaten ei lyst
og Herrens heilagdag ærverdig,
om du held han i ære
og ikkje går dine eigne vegar,
gjer som du vil og talar tomme ord,
14 # 5 Mos 32,13 då skal du ha di lyst i Herren.
Eg lèt deg ri over høgdene i landet
og eta av arven etter Jakob, far din.
For Herrens munn har tala.

Currently Selected:

Jesaja 58: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy