YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 50

50
Har eg ikkje kraft til å berga?
1 # 5 Mos 24,1.4; Jer 3,1.8 Så seier Herren:
Kvar er skilsmissebrevet
eg skal ha sendt mor dykkar bort med?
Eller kva for ein långjevar er det
eg skal ha selt dykk til?
Sjå, for syndene dykkar vart de selde,
for brota dykkar vart mor dykkar send bort.
2 # 2 Mos 14,22; 4 Mos 11,23; Jes 42,15; 51,10; 59,1; 65,12 Kvifor fann eg ingen då eg kom,
kvifor svara ingen då eg ropa?
Er mi hand for kort til å fria ut,
har eg ikkje kraft til å berga?
Sjå, når eg trugar,
legg eg sjøen tørr
og gjer elvar til ørken,
fisken stinkar,
for vatnet er borte,
han døyr av tørste.
3 # 2 Mos 10,22; Jes 13,10; Matt 24,29; Op 6,12 # 50,3 sekkestrie >15,3. Eg kler himmelen i svart,
eg sveiper han i sekkestrie.
Herrens tenar er tillitsfull
4 # Joh 7,46; 8,28 Herren Gud har gjeve meg læresveins tunge
så eg kan styrkja den trøytte med eit ord.
Morgon etter morgon vekkjer han mitt øyre
så eg kan høyra på læresveins vis.
5 # Sal 40,6ff Herren min Gud har opna mitt øyre.
Eg var ikkje trassig
og trekte meg ikkje tilbake.
6 # 52,13–53,12; Matt 26,67; Luk 22,63ff Ryggen overgav eg til dei som slo,
kinnet til dei som reiv av meg skjegget,
andletet løynde eg ikkje
for vanære og spytt.
7Herren Gud hjelper meg,
difor blir eg ikkje til spott,
difor gjer eg andletet hardt som flint,
og eg veit at eg ikkje blir til skamme.
8 # Rom 8,33 Han som frikjenner meg, er nær.
Kven vil føra sak mot meg?
Lat oss stå fram saman!
Kven er min motpart?
Lat han stiga fram mot meg!
9 # Sal 102,27; Jes 51,6.8; Rom 8,34 Sjå, Herren Gud hjelper meg.
Kven vil dømma meg skuldig?
Sjå, dei skal alle bli utslitne som klede,
møll skal eta dei opp.
10 # Sal 23,4; 25,12ff; Jes 42,16; Klag 3,2.6 Kven av dykk fryktar Herren
og høyrer på røysta til tenaren hans,
han som vandrar i mørker
og ikkje har lys,
men må stola på Herrens namn
og støtta seg til sin Gud?
11 # 1,31 Sjå, alle de som har kveikt opp eld
og rusta dykk med brannpiler:
Gå inn i den logande elden dykkar,
mellom pilene de har kveikt!
Frå mi hand kjem dette over dykk,
i pinsle skal de liggja.

Currently Selected:

Jesaja 50: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy